Harald-Landa_original

Med interesse for historie

Finnøybuen Harald Landa er litt over gjennomsnittet interessert i Finnøy si historie, og no har han funne ein perfekt stad å vidareformidla kunnskapen sin på.

Harald Landa er fødd og oppvaksen på Finnøy, og har budd på øya halve livet. Sidan 2008 har han budd på Sørlandet. I 1993 byrja han som ambulansearbeidar på ambulansebåten på Judaberg, og no arbeidar han som ambulansearbeidar på Jæren og i Arendal. Han er på Jæren ei helg i månaden, og den helga han besøker heimstaden på Finnøy.

Mykje av grunnen til det er hans store interesse for Finnøy si historie. Harald brukar nemleg mykje av fritida si på å vidareformidla finnøy-historie på Facebook-sida «Finnøy før i tiden».

– Eg har alltid vore interessert i det som har rørt seg, og det er utruleg mykje som har skjedd på øya opp gjennom tida. Medan dei svolt ihel her nede i sør, var det på Finnøy mange rike folk som tok seg av andre. Var det byfolk som ikkje greidde seg så bra, så kom dei inn til Finnøy. Den gamle fiskaren Reinert Bokn sa det ein gong, og han hadde vore rundt om i heile Norge, at ingenting kunne måla seg med Finnøy, fortel Harald Landa.

Lærar vekk

Dei siste månadane har han publisert fleire gamle artiklar frå Stavanger Aftenblad sitt avisarkiv på «Finnøy før i tiden», og dei er det mange som har lært mykje av. Ifylgje Harald er det fleire som har ringt han med spørsmål og minner.

– Det er ikkje så mange som veit kva som har skjedd, og eg tykkjer det er kjekt å læra vekk. Eg går gjennom Nasjonalbiblioteket i forhold til bokutgjevingar, og finn mykje informasjon. Så har eg ein nabo, Svein Nordbø, som kan utruleg mykje. Eg har hatt historielaget på telefonen, og dei er overraska over korleis eg finn alt dette, flirar han.

Han har også hatt kontakt med fleire eldre finnøybuar for å høyra deira historiar. 

– Det kjem stadig folk som eg ikkje har hatt noko særleg med å gjera, som vil veta meir om sine folk. Eg har framleis mykje stoff igjen. Blant anna held eg no på å leita etter historia om ein såpefabrikk som blei flytta til Finnøy i 1938. I tillegg er det interessant med Veslelia si historie, og slumsøstrene. Det er heilt utruleg kva dei gjorde for andre.

Famnar om dei unge

– Kvifor har du velt å bruka Facebook som publiseringsverktøy for historiene dine?

– Eg vil famna dei unge og. Unge folk les lite bøker i dag. Dei er på nett, og eg har velt Facebook eine og åleine for å fanga den yngre generasjonen. Sidan eg byrja å publisere har sida vekse frå 700 til 1040.

– Kva tilbakemeldingar får du på arbeidet?

– Tilbakemeldingane går på at det var ting dei aldri hadde høyrt om. Det tykkjer eg er kjekt, og det er difor eg gjer dette. Eg er overraska over at det er så mange tilbakemeldingar, men det kunne godt vore kommentert endå meir, fortel han.

Han har skrive historiar om mange gamle finnøybuar, som no har både barnebarn, oldebarn og tippoldebarn på Finnøy. I tillegg har han skrive historier om skule, barnehagar, tidlegare bedrifter og båtar. Han har inntrykk av at all kunnskapen hans blir sett pris på.

– Eg har inntrykk av at folk sit igjen med ein del kunnskap om historia til Finnøy. No er det kanskje barnebarna til personane eg skriv om som er mest interesserte.

Forviten

– Men altså, du er 47 år og listar opp 150 år gammal historie på Finnøy. Har du skrive ned mykje?

– Eg har lest meg opp, og er veldig forviten. Interessa for historie har alltid vore der, og gjennom dei yrka eg har hatt på Finnøy har eg høyrt mykje historiar. Eg har også motteke timelister hjå Torolf Ingebrethsen. Eg var på ambulansebåt i fem år, og køyrte lastebil i Sjernarøyane i nokre år, og der fekk eg moglegheit til å treffa mange gamle som kunne mykje historie. Så har eg nok god husk, flirar han.

– Kva med eigne barndomsminner. Kva hugsar du best?

– Om eg skal sortera må det vera på Holane med Magne Nordbø og gutane hans. Eg var med dei då eg kom ifrå skulen, og tykte alltid det var gildt. Eg var ofte med Egil og skrudde på Finnøy autoservice, med Torolf på litt reiser og ablegøyer og med Magne og mura gardar og hjelpte med gardsarbeidet. Det er nok mitt beste barndomsminne, fortel Harald.

No publiserer han alle notata sine gratis på Facebook, slik at alle kan få sjå dei. Det er nok mange med ei slik samling og ein slik kunnskap som ville ynskja å laga bok av det etter kvart, men det har ikkje Harald planar om.

– Eg veit ikkje om det er lov ein gong. Det er veldig greitt med sidene på Facebook. Der kan folk søka på emne, og finna det dei ynskjer. Det ligg på ein god plass der, så lenge det ikkje kostar noko. Om eg hadde lagt ei bok kunne det blitt ein konflikt med opphavsrett, så eg trur ikkje det. Framtida er nettet.

– Men du må vel ha hatt interesse for historie også før Facebook-tida. Kva gjorde du då med historiene?

– Eg har ikkje skrive før, men har alltid forsøkt å ta vare på ting. Med karakteren NG i norsk burde eg vel eigentleg aldri ha skrive heller, men så lenge folk forstår det eg skriv, får det vera godt nok, avsluttar han.

Og Harald innrømmer at han har planar om å skriva meir historie på Facebook, så det er berre å gleda seg.