DSC_0349_original

Sprell levande juletrefest i søndagsskulen

Kulturstova på sentralskulen var stappfull av både små og store, i alle aldrar, då søndagsskulen på Finnøy inviterte til den tradisjonelle juletrefesten 3. juledag.

Eit variert og spenstig program med både song, julespel og enkelte korte filmsnuttar på storskjerm innimellom,der jula sitt bodskap sjølvsagt var i sentrum, gjorde sitt til at både store og små var engasjert og lyttande. Det heile gjennomført på ein framifrå måte av dei scenevante tenåringar frå dei som har lengst fartstid i søndagsskulen.

– Me prøver bevisst å gjera det slik at det er dei største som står for programmet og på ein måte lærer opp dei minste, seier mangårig primus motor for arrangementet, søndagsskulelærar Tor Øyvind Skeiseid.

Saman med kollega Hjørdis Halleland Mikaelsen og Brit Idsøe har han vore sentral i førebuinga til det store arrangementet,som også i år samla over 200 i den gamle gymsalen på Finnøy Sentralskule. Og for verkelg å setja spiss på det heile, var sjølvaste ordførar Henrik Halleland invitert til å klippe snora, for på den måten å erklæra den tradsijonsrike juletrefesten til søndagsskulen for offisielt opna. Ein søndaggsule som enno klarer å samla frå 50 – 90 born på dei ulike arrangemneta ein vanleg søndag. Så om nokon skulle vera i tvil, så er søndasggkulen på Finnøy bokstaveleg tala sprell levande .Slik også det store barnekoret med det same navnet nok ein gong var eit synleg bevis på.