DSC_2920v2-1_original

Eksklusiv julekonsert på Sjernarøy

Årets Stavangerkunstar Hanne Vasshus held tre julekonsertar i jula. Og ein av dei er i Sjernarøy kyrkje. Etter molketid.

For Årets Stavangerartist 2016, Hanne Vasshus, har det siste året vore eit stort gjennombrot. I mai kom ho ut med debutalbumet «Oh, so many things», som blant anna fekk terningkast fem i Stavanger Aftenblad. 11. november spelte ho saman med Stavanger Symfoniorkester i Konserthuset, og i slutten av november spelte ho under julegrantenninga i Aberdeen.

I løpet av desember flyttar ho tilbake igjen til Sjernarøy, og feirar det heile med ein eksklusiv julekonsert i Sjernarøy kyrkje saman med gitarist Vidar Schanche. Forutan Ogna Kyrkje og Sola Ruinkyrkje er det nemleg berre Sjernarøy kyrkje som får besøk av den etter kvart så kjente duoen.

– Det er tre utvalte kinderegg me snakkar om her. Så me håpar me kan skapa litt julero for folk i julestrida i Sjernarøy kyrkje den 17. desember. Konserten blir etter molketid, klokka halv sju, fortel Hanne Vasshus.

– Er det mange som er ferdige i fjøset til halv sju, har du kontroll på det?

– Då er i alle fall svogeren min, Reidar, ferdig i fjøset. Me kan i alle fall seia etter at han er ferdig då, flirar Hanne.

Gjer ting på Sjernarøy

Det blir sagt at ein kanskje kan finna juleroa om ein går på denne konserten, og det er det i alle fall mange som kunne trengt denne ettermiddagen me treff duoen i Stavanger sentrum. Bjølla på inngangsdøra på den utvalte kafeen kimar i eit bankande køyr, og det heile blir litt hektisk. For nokre år sidan haldt Hanne julekonsert i Sjernarøy kyrkje, då fekk ho mykje skryt frå dei som var til stades, og ho følte at i år var året å gjera det på nytt.

– Eg har snakka ein del om å kunne gjera noko på Sjernarøy, og no blir det altså julekonsert. Dette gler me oss veldig mykje til. Det blir veldig rolig, med gitar, vokal og forhåpentlegvis noko klokkespel. Me vil spela nokre av mine songar, og litt kjente og kjære julesongar, fortel ho.

«Twin Peaks»-mannen

Vidar Schanche er ikkje ein ukjent mann i musikkmiljøet i Stavanger. Han kan kallas ein jazz-musikar, og har tidlegare spelt med Morten Abel, og laga tidlegare i år ein eigen «Twin Peaks»-konsert på Folken på grunn av sin store interesse for den gamle kult-serien. Hanne og Vidar har jobba saman tidlegare, blant anna med plata til Hanne, og no seinast med julekonsert i Aberdeen.

– Tanken med heile konserten er at ein skal få julero. Den blir veldig nakent, og me lovar at det heile blir intimt og veldig inkluderande, fortel Vidar.

– Kyrkjene er ikkje dei største. Det er ein raud tråd i desse vala. Eg håpar folk kan sleppa det dei har i hendene i ein time, og få roa. Me har allereie testa dette ut på det skotske publikum, og der blei det godt motteke, kontrar Hanne.

Skapar ro

– Kva vil de seia er roa i julestrida?

– Ja, kva er ro. Me tek initiativ til å samla folk før jula startar. Det er ikkje slik at me skal nedi hjarterota til folk og få fram alle kjenslene, men me ynskjer å skapa ei varm konsertoppleving. Det er jul, og mange er ute på vegen. Her kan dei samlast, fortel Hanne.

Dei håpar å kunne gå inn i det jula står for, og dei menneskelege kjenslene som kjem fram i julestria.

Forhåpentlegvis klarar me å gå inn i saknet, og det jula står for. Det å kjenna på det som det betyr å vera eit menneske. Det er både glede og sakn, og karakteriserer meg, på ein måte. Det er ikkje slik at eg skal sitta i pysjamasen og snakka om saknet etter mor mi, men me håpar å setta tankane i sving hjå andre, fortel ho.

Plate nummer to

Med julekonserten på Sjernarøy avsluttar Hanne eit hektisk og innhaldsrikt år for hennar del. No tek ho altså med seg flyttelasset tilbake til Kyrkjøy i Sjernarøyane, og ser fram til eit nytt år med mykje reising og mykje arbeid.

– Året har vore fantastisk. Eg har gjort det eg vil, og meir til. Kvar dag har vore annleis, og året har gått over all forventning. Til vinteren reiser eg til Los Angeles for å bruka stipendet mitt, og for å læra meir, seier ho.

– Kva med ny plate?

– Den kjem i løpet av 2017, avsluttar ho med eit smil.

Julekonserten med Hanne Vasshus og Vidar Schanche finn stad i Sjernarøy kyrkje 17. desember klokka 18.30.