Fleirbrukshallen-styre_original

Vassendgutane til Finnøy

Det blir dansemusikk med Vassendgutane i Fleirbrukshallen på Finnøy 11. februar neste år.

 «Ungkar med Dobbelseng», «Granada» og «Silikon i Tatti». Du har sikkert høyrt minst ein song. Vassendgutane er eit norsk band frå Åmdalen i Ørsta, og har gjort stor suksess som konsertband rundt om kring i Norge med sin uhøgtidelege og humoristiske vri på countrymusikken. I februar er det finnøybuen som får gleda av å oppleva Vassendgutane, når dei kjem til Fleirbrukshallen 11. februar. 

– Dette blir greier, og det blir veldig kjekt å få besøk av Vassendgutane. Eg har verkeleg tru på dette, og me skal prøva å fylla opp hallen. Det er jo eit band som er populære i heile landet, og eg håpar dette ikkje berre lokkar fram finnøybuen, men også folk frå kommunane rundt oss, seier dagleg leiar i Fleirbrukshallen, Arild Flesjå.

Les meir i fredagens papirutgåve.