IMG_6546_original

Straffedrama på Dana-Cup

Finnøy sitt Gutar 15-lag måtte tilbake for å ta ny straffekonkurranse etter at kampen var slutt.

At eit heilt fotballag blir kalla tilbake til kamparenaen for å fullføre ein straffesparkkonkurranse lenge etter at kampen er slutt, høyrer til det svært skjeldne i fotball. Det var likevel det som skjedde då Finnøy sitt Gutar 15 lag på dramatisk vis gjekk vidare etter å ha slege Vidar ut av B-sluttspelet i Dana-Cup torsdag ettermiddag.

Finnøy sine spelar jubla vllt for sigeren og keeperhelten Tor Olav Bø Måkestad etter å ha sett alle sine tre straffespark. Fognbuen i mål redda nemleg alle Vidar sine tre straffespark, men det var berre det at dommaren hadde teke feil av regelverket, og ikkje gjennomført minimum fem straffespark for kvart av laga før kamputfallet skulle avgjerast,slik regelverket i 11-arfotball eigentleg krev. Difor la Vidar inn protest, og finnøygutane som hadde teke bussen tilbake til Hjørring frå kamarenaen i Hirtshals, måtte difor hiva seg på bussen att tilbake til Hirtshals. Der skulle så dei to siste straffesparka takast. Vidar protesterte igjen på dette, og meinte at heile straffesparkkonkurransen måtte gjennomførast på ny .

-Då kan du skriva under på at «unge Ledaal» protesterte heftig, ler finnøytrenar Sven Ledaal då me snakkar med han etter kampen.
To spelarar frå kvart av laga gjer seg klar til å ta to nye straffespark; Denne gongen bommar begge finnøyspelarane på sine straffespark, medan vidarspelarane tydeleg må ha studert finnøykeeper Tor Olav nøye og scorar no på begge sine. Likevel vinn Finnøy den dramatiske straffesparkkonkuransen 3-2 , og 5-4 samanlagt etter at det sto uavgjort 2-2 ved ordinær tid.

Etter denne dramatikken var mykje av lufta gått ut av ballongen hjå finnøyspelarane, og i neste kamp berre nokre få timar etter, tapte laget med heiderlege 2-3 mot østfoldlaget Greåker.

– Eg er stolt, og mektig imponert av gutane, sier trenar Ledaal.-Eg innrømmer gjerne at fleire av laga me har spela mot har hatt betre individuelle fotballferdigheiter enn oss. Men det me har manla her har me jammen teke igjen på innsatsen, avsluttar han.

Øyposten kjem tilbake med meir frå Dana-cup i papirutgåva fredag.