Vidare til a-sluttspelet

Finnøy G14 og J16 er vidare til a-sluttspelet i Dana Cup. J14 og G15 er i b-sluttspelet.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over syv år gammel

Finnøy IL reiser med fire lag til årets Dana Cup. Gutar 14, jenter 14, gutar 15 og jenter 16. Og fleire av laga bit godt frå seg. Då Øyposten snakka med trenar for G14 Øyvind Bondevik Haga torsdag hadde dei nett vunne sin første kamp i a-sluttspelet 4-2 mot Imås-Jerv FK, og er vidare til 32-delsfinale kor dei får tøff motstand frå eit lag kalla Holmen frå Oslo.

- Det er eit godt lag, beståande av det eg trur er akademispelarar. Men me er godt nøgd med å vinna ein kamp i a-sluttspelet.

Bondevik Haga er saman med ein del andre vaksne på tur med 17 gutar på G14, og kan fortelja om veldig god stemning i Danmark.

- Me er veldig nøgde med turneringa så langt. Det er veldig god stemning, og alle laga bur saman. Det er veldig kjekt når me er på tur. No er me faktisk å ser J14 mot Mathopen-Olsvik IL i sin 16delsfinale i B-sluttspelet, seier Bondevik Haga.

G14 vann sin første kamp 6-0 mot Varegg, så slo dei Rena 3-1 før dei måtte sjå seg slått 1-0 av tyske Düren-Niederau FC 1908 i siste kamp i gruppespelet.

J16 er også i a-sluttspelet etter eit imponerande gruppespel kor det blei siger 2-0 over Elverum, 0-4-tap mot Stord og 1-1 mot danske Skibsby-Højene IF. Dei møter Herd til dyst i sin 16-delsfinale i a-sluttspelet seinare torsdag.

J14 spelte 0-0 mot Søreide IL i første kamp, før dei tapte 0-1 for Roterud og 0-2 for svenske Azalea i dei påfølgande kampane.

G15 tapte sin første kamp 0-3 for Nore Neset, før dei slo HamKam 3-1 i neste. I siste gruppespelkamp tapte dei 0-5 for Düren-Niederau FC 08. I første kamp i b-sluttspelet møter dei Vidar frå Stavanger.

Dana cup er Danmark si største internasjonale fotballturnering for barn og ungdom med over 20.000 deltakarar. Turneringa arrangerast årleg i Hjørring, og har blitt arrangert sidan 1982. Turneringa byrja 25. juli, og blir avslutta 30. juli.

Publisert: