I grøfta etter spurten

Inge Holla tok ein knusande samanlagtsiger under den sjette utgåva av Tour de Fogn i helga, og Anders Eike frå Halsnøy blei den beste frå kommunen.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over syv år gammel

Den sjette utgåva av Tour de Fogn gjekk av stabelen i helga, og Øyposten var til stades under landevegsrittet på laurdag. Der fekk me sjå både ny løyperekord og eit spektakulært fall etter målgang. Etappen på laurdag blei vunnen av Inge Holla, som kom på tredjeplass under årets Nordsjøritt. Han vann også herreklassen samanlagt. Andreplassen laurdag gjekk til Anders Eike, som tok ut så mykje i spurten mot Sigurd Aanestad at han rett og slett gjekk i grøfta etter målgang. Aanestad tok andreplassen samanlagt, medan tredjeplassen gjekk til nemnte Eike.

I dameklassen var det Ragnhild Thorsen som stakk av med sigeren, og for dei over 60 var det Knut Herman Semb frå Skien.

Les reportasje og sjå bilete i torsdagens storutgåve.

Publisert: