Haldt overraskingskonsert

Sigmund Ledaal, kjend frå Idol på Tv2 haldt overraskingskonsert for elevane ved Finnøy sentralskule fredag.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over syv år gammel

Elevane ved Finnøy sentralskule fekk seg ei gledeleg overrasking fredag, då Idol-Sigmund entra scenen i kulturstova og haldt konsertar for elevane. Ledaal haldt to konsertar, ein for barneskulen og ein for ungdomsskulen.

- Eg ynskja å gi litt tilbake til dei som hadde følgt med og stemt på meg gjennom Idol, så då tenkte eg at det hadde vore løye å hatt ein overraskingskonsert. Så me gjekk å rigga opp i går, og i dag spelte me for dei, fortel Ledaal.

Ledaal hadde med seg kameraten Sander Fugledal på gitar.

Publisert: