Sigmund-Ledaal-1_original

Slutt for Sigmund

Etter fem finalerundar er det no dessverre slutt for Sigmund Ledaal i musikkonkurransen Idol. Fredag rauk han ut, men 17-åringen frå Finnøy er ikkje lei seg og vil fortsetja med musikken.

Sigmund Ledaal frå Finnøy har imponert både sjåarar og dommarar under si deltaking i musikkonkurransen Idol, men etter fredagens livesending var det slutt for den jordnære guten. No er det tilbake til det vanlege liv og skulegong.

– Det har vore veldig kjekt. Eg har kost meg valdsamt, men ein gong må det enda. Det er trass alt berre ein som står igjen på slutten. Klart det er keisamt, men det er litt greitt og, seier han.

– Beina på bakken

Sundag kom han heim til Finnøy igjen, etter å ha budd i hovudstaden sidan byrjinga av april. Sidan har han nøte naturen og livet på Finnøy, som ifølge han sjølve er rimeleg annleis enn i Oslo. Livet i Idol-sirkuset, og det å vera i medienes søkelys har ikkje gjort noko med Sigmund, og han har treves stort med det.

– Det er viktig å halda beina godt planta på bakken, og passa på at du ikkje tar for mykje av. Det er eit styr, så det det kan komma som eit sjokk. Men eg tykkjer det berre har vore kjekt. Me har jobba heile dagane, frå sundag til fredag, og det har ikkje vore noko problem. Eg likte livet, og det er noko eg vil leva vidare med og, seier han.

– Du såg ut til å ta det med fatning då du rauk ut på fredag?

– Eg hadde eigentleg forventa fleire gonger at eg skulle ryke ut, og har tatt alt som ein bonus. Det er heilt klart dumt å ryka ut, men eg tar det med eit smil, fortel Sigmund.

Eit skikkeleg push

– Kva tar du med deg vidare frå konkurransen?

– All jobbinga. Det er masse jobb om du skal klara deg innanfor musikken, og eg merka at eg likte det. Eg har alltid tenkt at eg har lyst til å driva med musikk, og dette var eit skikkeleg push. No kjem eg til å fortsetta å gjer mitt beste for å driva med musikk på fulltid, seier han.

– Til slutt; kven vinn Idol?

– Det står nok mellom Marius og Norah. Mellom dei er det nesten umogleg å sei kven som vinn.

Han vil ikkje ut med planane om kva som skjer vidare framover no, eller om han har fått nokon tilbod frå plateselskap. Men det er nok ikkje det siste me ser av unge Sigmund Ledaal frå Finnøy.