Geir-Risa-Sjberg_original

Ryfylkenamn til Ryfylkemat

I dag fekk fem ryfylkerettar ryfylkenamn, og det heile føregjekk på Fiolen Familiepark på Talgje.

Sjøberg Ferie på Rennesøy er blant serveringsverksemdene i Ryfylke som er trufast tilhengjar av dei beste produkta frå Ryfylke. Rettar med røykelaks, anguskjøt og skinke har slått særs bra an, ikkje minst under Gladmat i fjor. Med høge terningskast og masse skrøyt, blei Ryfylkestanden utselt for både lefse med suldalsskinke og med røykelaks frå King Mikal Salmon. Produkta blei då kalla for «Ryfylkebete». Like før jul i fjor inviterte Ryfylke Næringshage og Ryfylkealliansen folket til å gje fem flotte ryfylkeprodukt sine rettmessige namn, og som eit ledd i årsmøtet til Ryfylkealliansen var det i dag klar for offentleggjering av namna. Og namna blei:

Grov Suldøl – Grov skive med skinka frå Suldal

Konge i Brød – Grov skive md røykelaks frå King Mikal Salmon

Stut i Brød – Grov skive med anguskjøt frå Røsslyngen Beitelag

Fjellsnurr frå Ryfylke – Skinka frå Suldal snurra i lefse

Fjordsnurr frå Ryfylke – Røykelaks frå King Mikal Salmon snurra i lefse.

Les meir i fredagens papirutgåve.

På bilete ser ein Kai Risa frå Sjøberg Ferie med produkta.