– Det var rett og slett ei deilig kjensle! Eg følte me pressa på heile omgangen, og at me fortjente eit mål, så å sjå den gå inn var berre ei stor lette, seier matchvinnar Håkon Kavli.
Finnøy var det beste laget så og seie heile kampen, men det var Hundvåg 2 som tok leiinga etter berre fem minutt. Rett før pause utlikna Yanis Kovacs. I andre omgang pressa Finnøy på, men klarte ikkje å få ballen i mål før nemnte Kavli sette ballen bak ein god Hundvåg-keeper sekundet før slutt.
Les meir i fredagens papirutgåve.