Sigmund i kveldens semifinale

Sigmund Ledaal frå Finnøy kjempar om billett til finalerundene i Idol når han syng under den direktesendte semifinalen i kveld. 

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over åtte år gammel

Det er no 40 stykk igjen i Idol, og kven som får finalebillettar blir avgjort i fem direktesendte semifinalar med åtte deltakarar i kvar.  I semifinalane er det slik at to artistar i kvar av puljane går vidare til finalane og er med blant dei ti beste, dei andre seks ryk ut.

Ein av deltakarane som går vidare blir valde av dommarane, den andre er det opp til sjåarane å stemma vidare. I finalane ryk ein artist ut kvar veke fram til 3. juni, og ein vinnar er kåra.

Sigmund Ledaal skal ut i andre pulje i kveld og skal synga "Love Me Again" av John Newman.

- I kveld skal eg gi litt meir gass. Under dommarutveljinga fekk eg beskjed om at songen var i det kjedeligaste laget, difor blir det meir rocka frå no av, smiler Sigmund.

- Er du nervøs?

- Akkurat no berre gler eg meg, men eg veit det blir annleis når det nærmar seg sending. Eg håper alle i Finnøy vil stemma på meg og heia meg fram, seier han.

- Me har eit semifinaleheat i år som består av mange tydelege og sterke identitetar, både når det gjeld stemme og personlegheit. Eg trur sjåarane ut over våren vil få auga opp for mange av kveldens finalistar. Eg er sikker på at når me til slutt skal kåra ein vinnar vil det vera ein artist som klarar å overleva i bransjen, seier Idol-dommar Gunnar Greve.

Semifinalen til Sigmund kan ein sjå på TV2 frå klokka 20:00 i kveld, og Sigmund syng som nummer 6.

(Foto: Endre Forbord/TV2)

Publisert: