IMG_2458_original

NM-sølv til Liv Holmslet Astad!

Under helgas NM i Rytmisk Gymnastikk for lag og tropp i Skjeberg blei det sølv til Stavanger turnforening og Liv Holmslet Astad frå Finnøy.

Øyposten skreiv tidlegare i vinter om Liv Holmslet Astad (13) som var på juniorlandslaget i Rytmisk Gymnastikk. Under helgas Norgesmeisterskap for lag og tropp i Skjeberg tok ho og dei fire andre Stavanger turnforeining sølv bak Asker turnforeining. Dette var første gong dei deltok med tropp i NM. No er det individuelt NM i Tromsø i april som gjeld for Liv. Ifølge mor til Liv, Dagny Holmslet Astad var det fem glade sølvjenter med medaljane etterpå, noko bileta klart visar.

Laget bestod av Hannah Gjessen Page, Lisa Emily Johansen, Emilie Osaland Muis, Liv Holmslet Astad og Lotta Samuelsen.

img_2454.jpg