Sigmund Ledaal er ein ung og talentfull artist frå Finnøy, og i morgon, onsdag kan du sjå hans Idol-audition frå Oslo. Ledaal var òg i fjor med i Idol, men røyk då ut etter gruppeoppgåva. I år håpar han på å koma lengre.
– Eg skal syngja ein song som heiter «Hero» av Family of the Year, fortel han.
– Men du kan ikkje seia korleis det gjekk?
– He-he, nei. Det kan ein sjå i morgon.
– Kvifor meldte du deg på idol?
– Eg sa då eg røyk ut i fjor at eg hadde lyst til å prøva ein gong til. Hovudgrunnen er at eg har lyst til å sjå kor langt eg kan koma med musikken. Det er musikk eg har lyst til å driva med, fortel han.
– Korleis er det å stå framføre dommarane?
– Det er veldig nervepirrande. Ein er veldig sårbar der ein står, og anten får du bank eller så lik dei det. Det er rett og slett litt skummelt.
– Kor langt ynskjer du å koma med musikken?
– Eg har lyst til å folk til å bli interessert i det eg driv med. Få folk involvert i min type musikk, seier Ledaal.
Onsdag stiller han altså opp på Idol-audition med gitaren sin og skal prøve å trollbinda dommarane Gunnar Greve, Ina Wroldsen, Vinni og Sandeep Singh. Og korleis det går med Sigmund, det kan ein sjå på TV2 klokka 20.00 i morgon, onsdag.
Ein kan lesa eit meir om Sigmunds idol-audition i fredagens papirutgåve.
Her (ekstern lenke) kan du høyra Sigmund sin coverversjon av «If i Go, i’m Going»
Òg Rebekka Imsland frå Finnøy har vore på Idol-audition i år. Om ho gjekk vidare er framleis ukjent, men ut i frå auditionen å døma ser det ut til at ho imponerar dommarane. Den auditionen kan du sjå her. (ekstern lenke)