6. divisjon neste!

Slo Orstad 3-0 og sikra dermed opprykket til 6. divisjon med minst mogleg margin. 

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over åtte år gammel

Av: Håkon Jonassen Norheim

(Foto: Privat)

- Det er når sånne kampar kjem du merkar koss kjekt det er å spela fotball, sa Jarle Mensink til Øyposten før kampstart.

Etter kampen var ferdig, var det ikkje ein mindre oppspilt Mensink i andre enden av telefonrøyret.

Med 3-0 sigeren mot Orstad gjekk Finnøy opp på 33 poeng på 14 spelte kampar. Dette tilsvarar 42,4 poeng på 18 kampar. Ålgård 3, som dei kjempa med om den siste opprykksplassen, endte opp på 42 poeng på 18 kampar. Finnøy rykka dermed opp, med berre 0,4 poengs margin.

- Gratulerar!

- Takk, dette er stort.

- Korleis skal dette feiras, er det rett ut på byen no eller?

- He-he, nei. Hadde det vore ein fredag så kanskje, no blei det pizza og fest på bussen for gutane som skulle til Finnøy, så blei det heim å slappa av for oss som bur i byen. Men det blei litt champagne i garderoben, fortel Mensink.

Det var ikkje ein av Finnøys beste kampar. Dei starta ganske nervøst, og slo lange ballar. Etter kvart byrja dei å roe litt ned, og då kom utteljinga. Etter rundt 20 minutt sendte Håkon Kavli Finnøy i føringa, noko som og var resultatet til pause. Kort tid etter pause fekk Finnøy straffe, og kven andre enn kaptein Mensink fekk æra av å setta den i målet.

Som alle veit, er 2-0 ei farleg leiing, men i denne kampen var det aldri tvil om at Finnøy skulle vinna, og då Håkon Kavli satt inn 3-0 rundt 10 minutt før slutt, var alle klokkeklar i trua. Det blir 6. divisjonsspel på Finnøy i 2016.

- Det var ingen stor kamp, og me spelte ikkje så godt som me visste me kunne. Men Orstad hadde berre to sjansar heile kampen, så sigeren var fortent, seier kapteinen.

- Kan ein seie de var prega av dagens alvor?

- Absolutt. Det var litt høg tenning, men då me byrja å spela og fekk det første målet, så roa det seg litt, fortel Mensink.

- No nådde de målet dykkar, og klarte opprykket. Kven skal ha æra for at de har klart det?

- Eigentleg alle. Det har vore ein utruleg bra innsats av heile laget, og humørspreiaren Jürgen Oyenhausen som trenar og Henrik Grannes som assistent skal ha ein stor del av æra. Samhaldet har vore bra.

- No er de klar for 6. divisjon neste år, korleis ser du for deg at det blir?

- Eg trur det blir bra, og at nivået ikkje blir så ekstremt mykje høgare. Det blir nok litt jamt, høgare nivå, men eg trur me skal klara å bita seiar han.

Både Fogn og Finnøy 2 spelte og måndag kveld. Fogn tapte 3-1 mot suverene Riska 3 på bortebane, medan Finnøy 2 klarte 1-1 heime mot Julebygda. Fogn enda dermed på 6. plass, medan Finnøy 2 kom på 7.

Publisert: