- Dette hadde far likt

Varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe opna torsdag Hauge-året 2015. Borna til Alfred Hauge, Møyfrid og Olav Hauge syntes markeringa gjekk over all forventning.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ni år gammel

Det er i år 100 år sidan forfattaren Alfred Hauge blei født på garden Hauge på Kyrkjøy i Sjernarøy. Framføre eit fullsatt kulturbibliotek i Stavanger Kulturhus opna varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe Hauge-året, før Jan Inge Sørbø gav publikum eit lite dykk inn i Alfred Hauges liv og forfattarskap. Til stades på opninga var blant anna Jakob Aano, Alfred Hauges gode ven og forfattar av «Helsing Alfred», ein samling av over 10.000 brev skreve av Hauge. Aano tykkjer feiringa av Alfred Hauge-året er storarta.

- Han var ein stor dikta, og han er vel verdt markeringa som han får, fortel han.

Aano har vært Hauges gode venn i ei årrekkje, og starta på venskapet er noko spesiell.

- Det starta med at eg var bokmeldar i Vårt Land, og skulle melde boka hans «Storm over Siglarholmen». I meldinga skreiv eg blant anna følgande: «Her er det noko som minner om Olav Duun».

Dette beit Alfred Hauge seg merkje i, og sende eit brev til Aano, kor han takka for den positive tilbakemeldinga.

- Så sa han at han ikkje hadde lese noko Olav Duun, men at han no måtte forsøke det, flirar Aano.

Også borna til Alfred Hauge, Olav og Møyfrid Hauge, var til stades under opninga. Dei tykkjer både oppmøte torsdag, og alle arrangementa det er lagt opp til dette året, er over all forventning.

- Eg hadde aldri trudd at det skulle bli sånne dimensjonar. Men eg er veldig stolt, og eg trur far kanskje hadde blitt litt flau hadde han sett dette. Men han hadde nok likt det og, hadde likt dette, fortel Møyfrid Hauge.

Hauge-året fortset den 8. april med eit foredrag av Jan Inge Sørbø i Hinna Kyrkje.

Les meir i papirutgåva torsdag 26. mars.

Publisert: