friluft_original

– Bruk turstiane

Neste år står i friluftslivets teikn. 13. januar er den offisielle opninga av friluftsåret 2015. Dette skal markerast over heile landet, også i Finnøy.

Tekst og foto: Oddbjørg M. Måland

På slutten av året skal den beste friluftskommunen kårast.

 

Bruk turstiane

I Finnøy held blant anna folkehelsekoordinator, Oddny Kjølvik, leiar av frivilligheitsentralen Ragnhild Valand og landbrukssjef Silke Ulrich på med planlegginga av eit opplegg som skal vera klart i slutten av mars neste år. Ulrich vil ikkje røpa kva planar kommune har, anna enn at dei har vore i kontakt med friviljuge organisasjonar, og at ting er på gang. Det er heilt sikkert at kommunen vil markera friluftslivets år (FÅ) på ein eller annan måte.

    – Dette er eit flott initiativ som vonleg får folk opp og ut. Me har jo nye flotte turstiar i kommunen som folk må gjera seg kjende med. I og med at hovudfokuset skal liggje på born, unge og småbarnsfamiliar, er dette eit ledd i å skapa gode kvardagsvanar blant born og unge, seier Ulrich.

    – Kva med deg sjølv, korleis skal du markera friluftsåret? 

    – Personleg har ikkje sett meg mål ennå. Eg er uansett mykje ute i friluft, men klart eg skal markera. Eg ser det litt an, og ventar på kva slags initiativ kommunen kjem opp med, fortel Ulrich.

    Overordna mål med FÅ er å auka merksemda i forhold til friluftsliv, året skal gje varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle delar av befolkninga. Året skal gje auka kunnskap om friluftslivet sine positive effektar knyta til folkehelse. Året skal vidare auka kunnskapen om allemannsretten og dei svært gode mulegheitene som alle i Norge har til å utøva friluftsliv.

Små turar, store helsegevinstar

– I 2015 vil nærmiljøet vera eit viktig satsingsområde. Friluftslivet skal vera enkelt og tilgjengelig, og det skal aktivitetane spegla, som til dømes heilårsfriluftsliv. For å få med flest mogleg ønskjer me å leggja til rette for gode og inspirerande lågterskel tiltak som allereie fins, og som kan fremja til leik, læring og aktivitet.

Eg er som Silke, svært oppteken av at folk no må bruka dei flotte turstiane me har fått. Desse er overkommelege for alle aldersgrupper, og kan gjerast så mykje eller lite utfordrande ein vil. Den helsemessige effekten av å bruka naturen, både fysisk og psykisk, er stor. Eg er svært imponert av idrettslaget på Fogn som ein sundag i månaden arrangerer toppturar. Dette tiltaket er folkehelse på det aller beste. Toppturane er blitt populære og samlar mykje folk, og er eit godt bindemiddel for folk på øya, seier Oddny Kjølvik. Ho held fram: Akkurat no jobbar me med å få på plass eit felles turopplegg for alle øyane. Det er litt tidelg ennå å sei konkret kva dette går ut på, men eg har god tru på ideen, og kjem tilbake med meir informasjon rett over nyåret.   

Utfordrar politikarane

Over heile landet vil det føregå aktivitetar gjennom året som er opne for alle, unnteke eit heilt spesielt arrangement. «24 timar i friluft» er ei oppmodinga til alle landets ordførarar om å opphalda seg utandørs i samanhengande 24 timar. 

    I desse dagar blir stafettpinnen sendt rundt i landet. I skrivande stund har 71 av ordførarane sagt ja til utfordringa frå Klima- og miljøminister Tine Sundtoft, om å sova utandørs natta mellom 13.-14. januar, altså sjølve opningsdøgnet for året.

    Å få med flest mogleg ordførarar til å overnatta ute er ein av mange aktivitetar i forbindelse med FÅ. Det byrja med at  Klima- og miljøminister Tine Sundtoft blei utfordra av Norsk Friluftsliv til å sova ute i naturen sjølve opningsdøgnet. Sundtoft tok utfordringa, og det same gjorde kulturminister Thorhild Widvey. Miljløministeren sendte samtidig utfordringa om å sova utandørs vidare, i eit brev til ordførerane i alle Norges kommunar.

Overnattar ute

– Dette er eit svært godt formål for den norske folkehelsa som eg sjølvsagt støtter. Eg håpar arrangementa gjennom året vil bidra til at fleire får auga opp for å bruka den fantastiske naturen vår, og oppleva gleda ved å vera meir ute, året rundt. Kor eg skal sova natt frå 13. til 14.januar er enno usikkert. Eg kontakta alle kvinnelige ordførarane  og spurte om me ikkje kunne overnatta ute saman denne natta. Det går ikkje, tre av dei hadde arrangement i eigen kommune og dei andre var visst ikkje så lystne på slikt, i alle fall ikkje på denne tida. Men eg vil prøve meg att til våren og sjå om eg får med nokon då. Eg har ikkje høyrt om lokalt arrangement i Finnøy den dagen seier ordførar Gro. Ho held fram: Eg ynskjer å vera med på fleire arrangement i Finnøy og vil prøva å prioritere alle oppmodingane om å vera med. Me har så mykje fantastisk natur i Finnøy, og kommunen vår er ein rekreasjonsplass både for fastbuande og feriefolk. Samstundes er eg viss på at me alle kunne vore endå meir ute.

Leiar i frivillighetssentralen, Ragnhild Valand, har mange tankar om friluftslivåret.

    – Ja, eg tenker jo at neste år må vera eit perfekt år for etablering av gode friluftslivsarrangement i kommunen. Arrangement som held fram og etter 2015.

    – Som kva då?

    – Eg har blant anna lyst å oppmoda grendalaga på øyane til å organisera regelmessige turar, der ein inviterer folk ifrå heile kommunen til å vera med. Eg ser for meg at det skal gå an å «samla» på turar med eventuelle premiar. I forhold til dette bør me involvera utlendingane. I kommunen treng me fleire møteplassar for arbeidinnvandrane og etter kvart også for flyktningane. Då tenkjer eg at felles naturopplevingar må vera ein glimarande måte å jobba med integrerring på, seier Ragnhild.  

Bålsamtale

Men, det går sjølvsagt an å overnatta ute sjølv om ein ikkje er ordførar eller minister. Kva med å gjera friluftsfavoritten dette historiske døgeret? Friluftsliv treng ikkje å venta til helga. Ta ein sovepose-selfie natt til 14, januar frå der du er. Enten du søv i lavvo, på balkongen, i skogen eller kor som helst utandørs. Fang stemninga, ta eit bilete og send det til oss. Me trykkar alle bileta som kjem inn i avisa fredag 16. januar.

Vidare er det slik at kommunen forpliktar seg til å arrangera minst ein såkalla bålsamtale, og då er det fyrst  og fremst med tanke på politikarane. Bålet er jo ein sentral del av friluftslivet, og ein unik sosial arena. Mange små og store utfordringar er løyst gjennom reflekterte samtalar rundt bålet.

Det er Klima- og miljødepartementet som står bak markeringa. Miljødirektoratet er prosjektleiar, medan Friluftslivets fellesorganisasjon står for dagleg drift.

Desse ordførarane frå vår region skal overnatta ute:

Ole Tom Guse, Forsand

Ole Ueland, Sola

Christine Sagen Helgø, Stavanger

Trine Danielsen, Hjelmeland

Stanley Wirak, Sandnes

Mons Skrettingland, Hå

Frode Fjeldsbø, Gjesdal

Anne Marie Braut Nesse, Klepp

Helge Steinsland, Strand