bruer-forside_original

– Eit hårete og spenstig vedtak

Dette er ukas leiar i Øyposten.

Det er ikkje meir enn nokre månader sidan fylkespolitikarane slo handa av lokalpolitikarane i Finnøy. Då dreidde deg seg om eit sviande nederlag om bruer.

Bruer som aldri kom til kommunen fordi kostnadene var hinsides all fornuft, blei det sagt.

Onsdag gjorde kommunestyret eit nytt vedtak. Dei ønskjer eit landfast Finnøy. Det gjeld for samtlige øyar i kommunen. Ingen nemnde, og ingen gløymde.

Ei heller prisar for prosjekta blei nemnde. Det kommer nok etter kvart. Men, me snakker garantert ikkje om beløp i småsetlar.

Det som er interessant er at dette slettes ikkje treng å vera eit av tidenes største luftslott i Finnøy.

Fordi:

Samferdslesjefen i fylkeskommunen i samarbeid med vegvesenet har alt begynt å jobba med desse planane.

På den måten kan det vera noko som kan vera mogleg. Men, det er ikke samferdslesjefen i fylket som avgjer – det er det blant anna fylkespolitikarane og eventuelt Stortinget som gjer.

Me er nok av den oppfatninga at dette blir meir enn vanskelig, men me bøyer oss i hatten, som ho sa under OL.

Blir dette gjort på ein skikkelig måte med alle saklege og gode argument som trengst, er det ikke umogleg.

Men, det ligg ein utruleg lang veg framfor alle som skal ha noko med dette å gjera.

Eit prisverdig initiativ frå eit felles kommunestyre. Og; det kan ikkje samanliknast med å begynna å tru på julenissen.

Dette kan det vera eit snev av både tru og håp i.

Hårete mål?

Ja, men eit spenstig mål.