Viktig med gjennomgangstrafikk

LEIAR

Debatten om framlegget til dei nye ferjerutene i den
nordre delen av kommunen har gått høgt etter at
fylkessamferdselssjefen la fram sitt forslag i byrjinga
av juli. Meiningane er sjølvsagt delte både når det
gjeld frekvens, opningstid og ikkje minst når det gjeld
anløpsstader i den nordre delen av sambandet. I den
samanheng har også ordførar Kjell Nes terga på seg
representantar frå kommunane Tysvær og Suldal for
sine utspel.

Me har full forståing for at representantar for eikvar
øy og frå einkvar anløpsstad kjempar for seg og ynskjer
ein høgast mogeleg frekvens på sine ferjeanløp.
På same måte er det overordna viktig at me internt i
øykommunen har ei seglingstid og ein frekvens som
legg forholda til rette for det lokale næringslivet og
pendlarane til og frå øyane i kommunen. Men det er
også viktig at me ser den interne trafikken i eit større
perspektiv som og sikrar gode kommunikasjonar
nordover mot fastlandet i det indre av Ryfylke. Dette
er med på å sikrar eksistensgrunnlaget for heile dette
så kostbare, men likevel så viktige sambandet for
kommunen vår.

«Me bind Ryfylke saman» var eit viktig slagord for
DSD og rutetrafikken i Ryfylke i si tid. Dette slagordet
vil ikkje bli mindre viktig etter at Finnfast opnar. Og
ein skal heller ikkje sjå bort frå at ein tenleg frekvens
og kommunikasjon mot både Nedstrand og Hebnes
kan vera med på å auka trafikken gjennom Finnfast
og dermed redusera nedbetalingstida.

Men då er det viktig at me har gode vener innover i
Ryfylke, og ikkje ikkje blir for sentrert og opphengt
om våre eigne interne frekvens på ferjene.