Unge røyster song jula inn

Hesby kyrkje på Finnøy fyltest opp to gonger i kveld (laurdag), då jula blei ettertrykkjeleg innsungen. Dei to ferske barnekora Jubelgjengen og Finnøy Fun Children stod for mykje av det musikalske på den første tilstelninga. Då barna tok kveld, overtok Finnøy Kyrkjekor med meir tradisjonelle tonar.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

Eit drygt år etter at dirigent Tolli Frestad og eit knippe songglade kvinner drog i gong koret for fjerde- til sjetteklassingar, er det blitt skikkeleg svung over Finnøy Fun Children. Eit titals ulike solistar viste seg fram ved ulike høve under juleinnsynginga. Somme hjelpte til då Jubelgjengen - barn til og med tredje klasse - stod oppe i koret. Andre leia allsongen, medan dei fleste hadde solistroller i sitt eige kor.,

Dirigent Toril Nessa kunne også visa til god framgang med Jubelgjengen, som i likskap med dei eldre songfuglane øver om lag annankvar veke på Betania bedehus på Reilstad.

I morgon - fjerde sundag i advent - blir jula sungen inn på Fogn. Og ennå er det sju dagar att til julaftan.

Publisert: