Treng me fleire forsamlingshus?

LEIAR

Debatten rundt behovet for eit nytt og større forsamlingshus
for kristenfolket på Finnøy går høgt, og til
helga går den offi sielle fristen ut for dei som ynskjer å
koma med innspel i saka. Det er i dag heile fem bedehus
av eldre dato på Finnøy. I tillegg har Utsyn Ungdomssenter
på Judaberg heilt sidan 1960-talet vore ein
sentral og viktig institusjon for både kristenfolket og
heile lokalsamfunnet.

Me ser heilt klart at det i dag er eit behov for at kristenfolket
på Finnøy samordnar ressurane sine. I eit slikt
perspektiv er det fornuftig å kvitte seg med dei fl este av
bedehusa slik som dei i dag fungerer. Det er også postivt
at den sterke polariseringa som tidlegare har vore
mellom dei ulike organisasjonane no er i ferd med å
bli viska ut, og at bedehusfolk og aktive kyrkjegjengarar
no i større gard framstår som meir innkluderande
og samlande enn nokon gong.Dette kan gi grunnlag for
vekst og utvikling og skapa større sosial aksept for det
verdifulle arbeidet som ein i dag driv på fl eire område.

Likevel stiller me oss spørjande til om det vil vera
fornuftig ressursbruk å byggje eit nytt stort forsamlingslokale
til eit titals millionar kroner berre fem år etter at
mange av dei same personane gjorde ein formidabel
dugnadsinnsats gjennom bygginga av Fleirbrukshallen.
Det er eit faktum at det vil bli mange av dei same
personane som no må stå opp for å ta nye tunge tak
dersom eit slik nybygg skal bli ein realitet. Då er me
redd at mange vil synast at dette blir for ressurskrevjande.
Ein må også ta innover seg at det og her er ei
tung driftsside som skal fylgjast opp i etterkant. Difor er
me av den klare meininga at det er betre å byggje opp
under det ein har og heller fornya seg etter behov. Det
er også viktig å ta ein lokaliseringsdebatt som etter vår
vurdering må ha kommunesenteret på Judaberg som
utgangspunkt. I eit slikt perspektiv kan både konseptet
Fleirbrukshallen/sentralskulen og ein invitasjon til eit
anna og nytt samarbeidsføretak basert på den unike
plasseringa til Utsyn ungdomssenter og deira fasilitear
vera spanande å ha som utgangspunkt.

Dette vil i eit overordna og framtidsretta perspektiv
tena både lokalbefolkninga og andre interessegrupper
best, slik me ser det.