Tradisjonar for fall?

LEIAR

17.mai-komiteen på Finnøy, representert ved
foreldregruppa til 7. klasse ved sentralskulen, har
teke den modige avgjerdsla å sentralisera heile den
offi sielle markeringa av nasjonaldagen til Judaberg
og Fleirbrukshallen.

Det tidlegare barnetoget frå Hesby skule til kyrkja
skal nå takast bort og innlemmast i folketoget seinare
på dagen, og den tradisjonelle festgudstenesta
i kyrkja med tilhøyrande markering og kransnedlegging
på bautaen over eidsvollmannen, Asgaut
Regelstad, vil heller ikkje bli gjennomført som
tidlegare år.

Me har forståing for at det er behov for å effektivisera
og samkjøra ressursbruken på ein dag som denne,
og særleg når det er travle foreldre til skuleborn
som også skal vera ansvarleg for gjennomføringa
av sjølve feiringa av dagen. Slik sett så pålegg ein
gjerne denne foreldregruppa vel mykje ansvar på
ein ellers svært så travel festdag. Då er det kanskje
også naturleg at dei vel å ta særlege omsyn til travle
småbarnsforeldre på ein slik dag.

Likevel må ein ikkje gløyma at det er sjølve grunnlovsdagen
vår me feirar, og då er det ekstra grunn
til å markera og minnast vår eigen lokale heidersmann,
bonden Asgaut Regelstad. Han var, slik me
kjenner historia, på ein måte fotfolket og grasrota
sin einaste representant frå fylket. Ei grunnlovsforsamling
som i store trekk var overrepresentert av
embetsmenn og militære.

I eit slikt perspektiv er det all grunn til å minnast vår
lokale heidersmann på grunnlovsdagen.

Tradisjonar står ofte for fall i vår urbane tidsalder,
men på ein dag som denne er dei vel verd å takast
vare på. Her burde kanskje det offentlege og kommunen
ta eit særleg ansvar.

Og det kostar jo så lite.