Tomatnæringa ved eit vegskille?

LEIAR

Planane om eit gigantisk veksthusanlegg på heile
60 dekar i Kviamarka på Jæren har opprørt gartnarane
i tomatkommunen Finnøy. Dei fryktar at ei
slik dramatisk strukturendring og sentralisering kan
redusera næringa si legitimitet som ein viktig del av
jordbruksavtalen og i neste omgang vera med på å
fjerna heile importvernet som næringa er så avhengig
av.

Det er i år 80 år sidan det fyrste tomatveksthuset
i Finnøy blei bygd. I 1930-åra såg dei tre tomatpionærane
Nils Gard, Bjørn Ladstein og Torstein
Flesjå behovet for å få på beina ein sterk samvirkeorganisasjon
i grøntnæringa, og dei tre personane
var sentrale aktørar då AL Gartnerhallen i si tid
blei etablert. I dag har tomatgartnarane i hovudsak
vendt ryggen til denne grøntorganisasjonen, medan
dei to andre samvirkegigantane i landbruket, Tine
og Nortura, står sterkare enn nokon gong før.

Heile tomatnæringa og grøntsektoren er på ein
måte deregulert, medan dei andre aktørane som
i dag driv i primærnæringane har valgt ein annan
strategi.

Det er nettopp denne strategien, og det at ein
framleis har ei regulært næring og konssjonsbestemmelsar
for nyetablering som har ført til at det har
blitt etablert fl eire titals nye høne- og kyllinghus i
kommunen vår dei siste åra.

Difor har gartnarane framleis ein god del å læra av
sine eldre forfedrar, og ikkje minst av sine andre
yrkesbrør i landbruket.

Næringa står ved eit vegskille, og dei lokale gartnanarane
må stå saman, ta grep og visa handlekraft
dersom denne viktige næringa skal ha ei framtid i
tomatkommunen Finnøy.