Tomatnæringa er verd sin eigen festival

LEIAR

Hjelmeland har sin Frukt & Laksefest, Bryne og Jæren
har potetfestival, Haugesund har Sildajazzen og kvifor
ikkje då ein Tomatfestival i tomatkommunen Finnøy. Han
hadde nok ikkje tru på at tomaten skulle få sin eigen
festival med eit slikt omfang, den no avdøde tomatpionæren
Torstein Flesjå, då han som 22 åring i 1928 sette
opp sitt fyrste vesle veksthus til å dyrka tomatar i på Flesjå
ved Steinnesvåg. For det er ei rivande og mest eventyrleg
utvikling med ei rekke energipolitiske og næringspolitiske
utfordringar denne vesle, men svært så viktige næringsgreina
for kommunen vår har vore utsett for i alle desse
åra. Men også i desse dagar ser me nasjonale og internasjonale
politiske straumar som set spørsmål ved næringa
sin nasjonale betydning og eksistens, og tek til orde for å
basera eit stadig aukande innanlands tomatforbruk med
berre importtomater.

Dei som er sist ute i så måte er dei såkalla liberalarar i
Unge Venstre, som under dekket av det trendy miljøaspektet
tek til orde for ein slik politikk. Då har dei heilt
gløymd den andre sida ved dette aspektet og miljørekneskapen;
Nemleg den som fortel om eit helse- og ernæringsmessig
heilt unikt produkt, basert på energi som ligg
rett under havfl ata og fjorden like utanfor stovedøra vår,
og som i tillegg nyttegjer seg klimagassen CO2 som vesktstimulans.
Dersom dei same kriteriane ville bli lagt til
grunn for all anna produksjon her i landet, er me redd det
hadde stått ille til med moderlandet vårt.Meir reinspikka
og irrelevant populisme skal ein leita lenge etter.

Tomaten er raud og rund, smakfull, helsebringande og
verdifull. Så kjære alle øybuar og andre festivaldeltakarar

Det er all grunn til å stå opp med rak rygg og feira tomaten
med sin eigen lokale Tomatfestival.