Tid for å visa litt storsinn

LEIAR

Fyrstkomande tysdag skal kommunestyret ta stilling til
om kommunen skal starta eit program for integrering
og mottak av fl yktningar i Finnøy. Det er representanten
Trond Spanne frå Senterpartiet som har teke initiativet
til å starta ein slik prosess, og planane har så langt
fått brei tilslutnad frå dei andre partia med unntak av
Framstegspartiet. Dette er heller ikkje overraskande
ettersom det avspeglar dei politiske skillelinjene som
gjer seg gjeldane i asyl- og fl yktningepolitikken også på
nasjonalt hald.

I desse dagar kjem det og klare meldingar og oppfordringar
frå sentrale styresmakter om at kommunane bør
ta imot fl eire flykningar.

Me meiner det er på høg tid at også vår kommune
innvolverer seg, viser storsinn og er med på å tek eit
nasjonalt ansvar for dei mange asylsøkjande som i dag
sit i overfylte mottak, og er på desperat jakt etter
ein stad å bu og opphalda seg.

Difor er me og einige med fl eirtalet i formannskapet,
som meiner at Finnøy burde ha dei beste føresetnadane
for å lukkast med ei slik integrering dersom det blir
gjort eit grundig nok arbeid i forkant.

Kristenfolket og misjonforeningane har i langt over
hundre år drive eit aktivt misjonsarbeid, og knapt nokon
kommune i landet har i høvet til folketalet sendt ut
fl eire misjonærar til den tredje verda enn vår. Difor er
det og på høg tid at lokalsamfunnet legg bort tidlegare
fordommar og viser storsinn og kristen næstekjærleik i
praksis gjennom å integrerar fl ykningane og dei asylsøkjande.
Utfordringa i lokalsamfunnet ligg i å gjera eit
grundig nok forarbeid. Difor gler det oss storleg at sjølv
travelt opptekne formannskapspolitikarar her vil «bretta
opp armane» og ivrar etter å ta eit tak for å gi desse
triste menneskesjebnane eit verdig og anstendig liv.

I så måte er også dette i god og tradisjonell fi nnøysk
dugnadsånd.

Det burde varma hjartene våre!