Ta ungdommen på alvor!

LEIAR

Kommunestyret har gjort sitt vedtak i bupliktsaka og det
er tid for å sjå framover. Under sitt møte med ordføraren
i romjula og i den påfylgjande høyringsprosessen i saka,
kom det klart til uttrykk frå ungdommen si side at dei
fryktar for prisnivået på bustader etter at buplikta no er
oppheva. I tillegg har det også kome fram at dei etterlyser
eit betre kulturtilbod for ungdom i lokalmiljøet sitt.

Me har ikkje tru på at det slik over natta vil kome dei
store endringane i bustadmarknaden, fordi det ligg klare
føringar i gjeldande reguleringsbestemmelsar som krev
både dispensasjon frå den nyleg vedtekene kommuneplanen
og ei seinare bruksendring dersom hus skal gjerast om
til hytter. Like fullt er det mykje som tyder på at me kan få
ein kraftig prisauke på både tomter og bustader dersom
ikkje den politiske leiinga i kommunen tek dei nødvendige
grepa og fører ein aktiv bustadpolitikk framover. Dette
gjeld både den privatiseringa av bustadpolitikken som den
tidlegare politiske leiinga i kommunen må ta hovudansvaret
for, og ikkje minst tildelingskreteriane for tomter som
det etter vår meining også bør utarbeidast klare retningslinjer
for. For det er eit stort paradoks det som skjer i nabokommunen
vår Rennesøy for tida, der det nettopp er Framstegspartiet,
som er mest kjent for å ta avstand frå offentlege
reguleringsbestemmelsar, som no vil gå lengst når det gjeld
kommunal regulering og subsidiering av bustadtomter i
det store bustadfeltet som er under opparbeiding i Skorpefjell
på Aske. Dette primært for å gjera det rimelegare
og økonomisk mogeleg for rennesøyungdommen å etablera
seg i heimkommunen sin.

Det er på høg tid at Finnøy kommune gjer liknande grep
dersom me vil at ungdommen skal koma tilbake til barndomskommunen
sin. For me kan jo ikkje berre overlata alt
til private aktørar.

Difor er det all grunn til å ta ungdommen på alvor og
lytta til kva dei har å seia både når det gjeld bustadpolitikk
og kulturpolitikken i kommunen. Den arrogansen og neglisjeringa
som enkelte sentrale politikarar viste ovanfor
ungdommen i den oppheita diskusjonen rundt bupliktsaka
synest me svært lite om.

Det er ungdommen som trass alt er framtida også for
Finnøy kommune!