Ta opp kampen

Lesarbrev – Jogeir Aartun

Så har nyheten nådd oss om næringsområdet på Ladstein, der Miljøvernminister Solheim og Jon Ola Syrstad har sett foten ned for eit lokalt ynskje om areal for næringsutvikling.
Kommunen kjenner seg overstyrt og makteslaus overfor eit sterkt embetsverk i fylke og i Oslo. Eg sit med ein tanke medan eg les dei vektige orda frå Landbruksdirektør Syrstad og minister Solheim: dei treng nok ein markering for å kunna bekrefta sin eigen viktige eksistens.
Endå verre vert det, dersom Finnøy kommune er å betrakta som null og nix, som embetsverket kan gjera med kva dei vil. Skulle så vera tilfelle, må det ropast eit tydeleg varsko. Ingen blir lukkeleg av sjølvutsletting.
Så mitt råd til politikarane og ordføraren i Finnøy vil vera, at dei tar opp kampen mot embetsverket i fylke og sentralt.

Jogeir Aartun