Skjemt og alvor frå utvandra øybuar

Ragna Bjelland frå Aubø og Sandnes fylte Bethel på Judaberg med lattertårer då ho underheldt på Finnøy Helselag sin årvisse vårfest søndag. Før ho sette i sving, hadde Andreas Skartveit frå Finnøy og Oslo fortalt gripande og alvorsamt om store og små hendingar han hadde opplevd som forleggjar.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

Vårsola skein mildt over Finnøyfjorden denne siste marssøndagen. Dette var noko Skartveit visste å spinna på i foredraget sitt.,- Det var fint å koma her, og møta våren. Far min erta meg kvar einaste vår. Han ringde alltid i mars og fortalde at nå var krokusen komen, for han visste vél at i Oslo låg snøen, fortalde den pensjonerte forlagssjefen og kringkastingsdirektøren.,- Ein gong sende han endå til bilete av seg sjølv saman med blømande krokus ute på Vignes, la han til, før han gav seg til å skissera viktige hendingar på vegen mot det moderne informasjonssamfunnet.,

Frå grynt til trykksaker

- Dette at menneska gjekk over frå å grynta og begynte å snakka, var eit veldig stort sprang i utviklinga. Eit nytt, veldig stort framsteg var då dei begynte å skriva, meinte Skartveit, som understreka at boktrykkarkunsten som kom på 1500-talet var ein føresetnad for den lutherske reformasjonen.,Den underfundige forlagsmannen gjekk eit steg vidare, ved at han gav uttrykk for at kyrkjestriden var ein føresetnad for at trykkjekunsten kunne få gjennomslag – fordi Luther og paven produserte så mykje skjellsord som måtte mangfaldiggjerast.,- Reformasjonen var avhengig av trykkjekunsten. Det var ein av dei styggaste debattane som har gått i Europa, trur eg, med mykje skjellord i trykte pamflettar, forklarte han.,- I våre dagar blir 97 prosent av det som kjem inn til forlaga forkasta. Det meste er totalt ubrukeleg, men det er frykteleg vanskeleg å skilja ut det som bør gjevast ut. Alle har gjort tabbar, forklarte han, og skisserte historien om den svenske forlaget Bonnier, som refuserte Astrid Lindgren.

Jo Benkow og Jon Magnus

'Fra synagogen til Løvebakken' av Jo Benkow, og 'Veien til Karlsvogna' av Jon Magnus var to bøker som den utflytte finnøymannen var tydeleg stolt over at han hadde gjeve ut. Den vaksne mannen måtte fleire gonger ty til tårene på talarstolen på Bethel. Først då han fortalde om Jo Benkow sitt gripande manuskript om innvandring og om det å vera framandkulturell i Norge. Deretter då han fortalde om alle reaksjonene som strøymde inn, frå unge og vaksne lesarar, etter at forlaget hans gav ut Jon Magnus si dagbok om kona sin kreftsjukdom.,- Det var så vidt manuskriptet ikkje blei sendt tilbake, fordi det var så trist. Då var det nokon i forlaget som sa: Legg det inn til Andreas, for han gir ut så mykje trist og leitt. Før jul selde me 70.000 av ei bok som berre handla om sorg og død, minnest Skartveit.

Frå Arne Aano til giftesjuk budeie

,Ragna Bjelland var ikkje så ganske lite nervøs, før ho skulle opptre som Rakkel Budeie på jakt etter kjærleiken denne ettermiddagen.,- Forrige gong eg var på Bethel på Judaberg, var det på vekkjelsesmøte med Arne Aano, fortalde den utflytte Aubø-jenta, før ho kledde seg om til Rakkel Budeie, og let absolutt alle hemingar fara.,Det viste seg at både Bjelland og tilhøyrarane takla overgangen fint.,Det er ikkje kvar dag ei kvinne i sekstiårsalderen klatrar opp på ein stol i midtgangen på Bethel og trekkjer opp stakken for å visa fram underkleda sine for ein gjeng gråhærde mannfolk. Dette skjedde på Bethel på søndag, og både dei gråhærde mennene og konene deira lo så dei skreik.,Rakkel Budeie hadde meir enn underklede å visa fram. Den som måtte ønskja å bli betre kjend med den giftesjuke peparmøya, lyt kjenna besøkingstida si neste gong kjem til Bethel på jakt etter den store kjærleiken.

Publisert: