Sett fokus på bustadpolitikken

LEIAR

Både utflytta studentar og ungdommen elles i kommunen
etterlyser fl eire og rimelegare bustadtomter. Dei
etterlyser ein meir aktiv kommunal bustadpolitikk som
gjer inngongsbiletten enklare og rimelegare for 1.gongsetablerarar
på ein stadig meir pressa bustadmarknad.

Ein må heilt tilbake til 1980-talet då det siste kommunale
bustadfeltet blei etablert. No er dei siste tomtene
i ferd med å bli fylt opp både på Halsnøy og i Møllelia
på Ombo. I Sjernarøy har det i lang tid vore ein intens
diskusjon rundt den lokale bustadpolitikken, medan
etterspørselen etter hus og ledige tomter blir meir og
meir presserande i den sørlege delen av kommunen
etter kvart som opninga av Finnfast nærmar seg.

Dei store økonomiske utfordringane som kommunen
i dag står ovanfor gjer det vanskeleg å prioritera nye
kommunale bustadfelt. Det som likevel er viktig i den
fasen som kommunen vår no går inn i er at ein i langt
større grad går inn og tek styringa gjennom ulik reguleringsbestemmelsar
og tildelingskriteriar. Her har
dei ulike politiske fl eirtalskonstellasjonane i lokalpolitikken
nærmast vore fråverande det siste tiåret og
overlate det meste til private aktørar. Skal ein oppnå
dei overordna målsetjingane om auka busetnad og få
ungdommane våre tilbake til lokalmiljøet, må ein lytta
til ungdommane og ta dei på alvor.

I eit slikt perspektiv, må den kommunale bustadpolitikken
få eit mykje større fokus og setjast høgt på den
politiske dagsorden.