Ryfylkemiddagen 2012

– Med så fenomenale råvarer som fins i Ryfylke må dei brukast mest mogleg naturleg.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

Det sa meisterkokk Arne Brimi til dei vel 70 matentusiastane frå heile regionen som i går, torsdag 10.mai, var samla på Landaloftet på Steinnesvåg i anledning Ryfylkemiddagen 2012. Det er Ryfylkekokken as med Frode Selvaag i spissen som for andre år på rad arrangerer Ryfylkemiddagen. Arrangementet er meint å væra ein hyllest til lokalproduserte råvarer og matspesialitetar.,I går var også kvelden for den offisielle opninga av Ryfylke matkultursenteret. Det vil sei at Landahuset er blit eit kompetansesenter i forhold til lokal matkultur.,- Ryfylkemiddagen er kommen for å bli, heilt klart. Sjølv etter mi tid, skal middagen arrangerast kvart år, seier Selvaag.,

,Fetsmenyen starta med kveite frå Hjelmeland med krema ramsløksaus, og fortesette med langsteikt kalv ifrå Skiftun med potetstappe og dampa rotgrønsaker. Til "mellemat" som konferansier Tor Øyvind Skeiseid kalla det, blei det servert geitost, den etter kvart så berømte Knudenosten frå Aurenes gardsmeieri på Jæren. Gourmet måltidet blei avrunda med ein bærdessert frå Finnøy. Årets første jordbær og bringebær i honninglake med smakstilsett rømme.,Til alle rettane blei det servert vinar tilpassa råvarene.

Publisert: