Ryfylke eller Jæren? Ja takk, begge delar

LEIAR

Merkevara Ryfylke og den nye Ryfylkelogoen blei
lansert med brask og bram under ei større markering på
Hjelmeland tysdag i sist veke. Hovudmålsetjinga med
den store satsinga er å auka busettinga, stimulera til etablering
av ny arbeidsplassar, auka samhandlinga mellom
bedrifter og dei respektive kommunane i regionen og
gjera Ryfylke betre kjent.

Oppdragsgjevar for prosjektet har vore Ryfylke IKS.
Finnøy kommune har vore medlem av det regionale
samarbeidsorganet heilt sidan oppstarten, medan dei to
andre kommunane i Ytre Ryfylke, Rennesøy og Kvitsøy,
har avslutta sitt medlemskap i organisasjonen etter at
Rennfast blei bygd.

Enkelte lokalpolitikarar og andre meiner at Finnøy kommune
bør gjera det same når Finnfast er på plass om
kort tid.

Identitetsbygging er eit sentralt og viktig omgrep som
blir nytta i mange ulike samanhengar i dag. I eit kulturhistorisk
perspektiv bør det heller ikkje vera noko tvil
om kor fi nnøybuen høyrer til. Knapt nokon marknadsfører
ryfylkeverdiane og gjer regionen kjent på ein betre
måte enn kva herrane Skeiseid og Nordbø i Ryfylke
Livsgnist gjer. Då er det heller ikkje noko minus i marknadsføringa
at norsktoppslageren,”Eg lengtar heim (til
Ryfylke) i kveld” er ein gjengangar på dei store nasjonale
radiokanalane for tida.

I eit næringspolitisk perspektiv derimot, ser me at stadig
fl eire lokale bedrifter og primærnæringane orienterer
seg mot Rennesøy og det ekspansive næringslivet på
Nord-Jæren.

Dette er ei utvikling som vil bli forsterka i kjølvatnet av
Finnfast.

Difor er det også naturleg at store delar av det lokale
næringslivet søkjer inn mot ulike regionale samarbeidsfora
som går i den retningen.

Og då seier me som Ole Brum: -Ja takk, me vil ha begge
delar.