Priskontroll på landbrukseigedomar og konsekvensar

LEIAR

Kjøp av landbrukseiendom krev konsesjon frå styresmaktene
og tilhøyrande priskontroll. Denne priskontrollen
blei innført av Stortinget då dei vedtok
konsesjonslova i 1974, og då den nye konsesjonslova
var oppe til behandling i 2003 gjentok politikarane
vedtaket om at kjøp av landbrukseigedom
framleis skulle underleggjast priskontroll.Hovudintensjonen
med denne priskontrollen er å sikra at
den som tek over landbrukseigedomen skal ha eit
prisnivå på jorda ved kjøp som sikrar grunnlaget for
å ei akseptabel drift av landbrukseigedomen.

Me har ikkje problem med å skjøna bakgrunnen og
intensjonane med denne forma for offentleg prisregulering,
men me ser og at fl eire og fl eire unge
bønder får problem med å utvikla og byggje opp
sitt eige driftsgrunnlag fordi verdien av jorda blir
sett for lågt. Prisnivået på jordbruksjorda saman
med låge verdiar på eksempelvis driftsbygningar,
hovudbygning og kårbustad gjer at takseringsgrunnlaget
blir for lågt i samband med lånesøknader og
til og med pantetryggleik. I staden for å vera med
på å byggja opp driftsgrunnlaget til eit robust landbruk,
spring heller bankane til dei bustadsøkjane og
kastar millionar av kroner inn i eit oppheita bustadmarknad
medan landbrukseigedomar og driftsbygningar
forfell. Dette er eit alvorleg sjukdomsteikn
for heile det norske landbruket, og bør vera eit
sentralt tema i samband med dei nært føreståande
jordbruksforhandlingane.

Kanskje er det overregulerte og priskontrollerte norske
landbruket i ferd med å møte seg sjølv i døra på
ein del sentrale og viktige område?