Ny livskvalitet på eiga øy

To menneske og ein hund bur fast på Måløy i Fisterøyane. Ingrid og Thor E. Espeland stortrivst på den vesle øya. Det same gjer fuglehunden Tiril, som kan boltra seg på ei øy der matmor og matfar bestemmer at det ikkje er bandtvang.

Fotografmeister Thor og nordsjøarbeidar Ingrid er slett ikkje pensjonistar som trappar ned. Thor er ”25 pluss 25 pluss litt”, som kona så diplomatisk uttrykker det. Sjølv er ho berre 25 pluss 25, og ho har mange aktive år framfor seg som yrkesaktiv, enten det måtte vera som radiooperatør på Valhall-feltet i Nordsjøen, eller i andre samanhengar.

For fotointeresserte kan namnet Thor E. Espeland virka kjent. Han har drive eigen fotografgeskjeft i Paradissvingen i Stavanger i ei årrekkje. Dei siste åra har herr og fru Espeland vekependla frå Måløy til husværet i Paradissvingen. Dei overtok familiegarden på Måløy, men etter ein brann i 1992 måtte dei byggja opp på nytt. Det er særleg dei siste fem åra dei har sett sitt eige preg på det moderne, lyse bustadhuset på Måløy, med utsikt over Boknasundet.

I pinsen la dei ned fotostudioet i Stavanger, og selde huset til Varmestuens Venner. Fotografmeisteren tok med seg alt utstyret, og har installert seg i andre etasje i den rommelege bustaden på Måløy.
– Eg arbeider med min jobb herifrå. Eg har mellom anna nokre skular og kommunar som kundar, fortel Thor, som ikkje nett reknar med at kundane trør ned dørene på Måløy for å bli fotograferte.

Dette nye livet passar han godt. Han kjende behovet for å få litt meir kontroll over arbeidsdagane, og å få litt meir tid til å driva med hobbyane sine medan han ennå kjenner seg ung og aktiv.
– Eg var rett og slitt berre litt forsynt. Me ville bruka kreftene på Måløy. Nå slepp eg å henga i den stroppen, forklarer Thor E. Espeland, som legg til at fotografverksemda har gått litt på sparebluss sidan han stengde og selde og Stavanger. Men han har slett ikkje tenkt å slutta av, og han er ikkje lengre unna enn ein telefon.

”Lataste hesten i Ryfylke”
Begge dei fastbuande på Måløy har vakse opp i Stavanger. For Thor kjennest likevel Måløy langt på veg som ein barndomsheim. Besteforeldra hans eigde og dreiv garden då han var gutunge. Dei hadde sauer og kyr. Seinare var det farbror hans som overtok. Han dreiv med mink på Måløy i ei årrekkje.
– Bestefar hadde ein hest som heitte Nording. Han hadde ord på seg for å vera den lataste hesten i heile Ryfylke. Dei bar heller høyet på ryggen, enn å plaga han, minnest Thor E. Espeland lattermildt.
Bestefar hans hadde vore i Amerika og arbeidd som gjetar i nokre år. Han må ha lagt seg opp nokre pengar, for då han kom att kjøpte han Måløya.
– Farmor mi er fødd Bokn. Mesteparten av dei som bur på Bokn, er slektningar, forklarer Thor.

Vatn, breiband og Jon Arne
Øya Måløy er i utgangspunktet berre eitt gardsbruk. Det er kome til eit titals hytter, og dermed var det nok vasskundar til at det private firmaet Fjordvatn i mai la sjøkabel med drikkevatn til øya. Godt vatn utan saltsmak har vore ei mangelvare på den vesle, låge øya. Thor hugsar godt då han som barn var med og rodde over til Strandalandet for å fylla opp tønner med drikkevatn.
– Nå har me godt vatn, me har breiband, og me har Jon Arne Helgøy. Då har me det som trengst for å leva og arbeida på Måløy, meiner ekteparet Espeland.

Det sosiale livet på Måløy er ikkje så begrensa som ein kanskje skulle tru. Søster til Ingrid og bror til Thor har to av hyttene, og dei er ofte på ”holmen”, som dei seier. Og det finst også andre folk å omgåast, både på hyttene på Måløy og når dei er i byen.
– Eg reknar med at jobben min blir flytta inn på land om eit års tid. Då må kanskje vurdera å skaffa oss ein liten pendlarleilighet i byen, trur Ingrid. Nå som ho periodependlar til Nordsjøen, er det greitt å bu på Måløy for henne.
– Det kjennest som me er på ferie heile tida når me her, seier ho.

Dei lyse sommarmånadane etter at dei selde huset i Stavanger, har der vore mykje folk på øya. Ho ser ikkje bort frå at det kan bli litt tommare på ”holmen” til vinteren, men ho er ved godt mot.
– For meg er det kanskje lettare. Eg er meir eller mindre oppvaksen her, og eg har kjende og slektningar overalt, seier Thor.
Ei av dei er Inger Johanne Madsen frå Stavanger, som har hytte like ved kaien på Måløy.
– «Tante Hanne» var venninne av mor mi. Ho har kjent meg sidan før eg blei fødd, seier Thor Egil Espeland, medan han hjelper henne og mannen opp til hytta med bagasjen.

Viktig med båtruter
Nå som vatnet og breibandet er på plass, er det berre transporten til og frå heimen som minner måløybuane om at dei trass alt bur litt utanfor allfarveg.
– Så lenge me har Jon Arne Helgøy, er det berre luksus. Utan Jon Arne hadde det ikkje vore liv laga her på Måløy, meiner Thor.

Det har seg nemlig slik at det ikkje går offentleg båtrute til øya. Når Jon Arne Helgøy eller sønene hans har rute om Bokn og Byre, går dei gladeleg framom Måløy når Ingrid eller Thor treng det. Elles må dei i eigen båt. Enten over til Bokn dei få gongene det er ein å kopla seg på deg, eller til Judaberg.
– Det går fint på kvardagane. 16.45-båten frå byen korresponderer med Jon Arne, som tek oss frå Judaberg til Måløy. Med båten kl. 20.00 kjem me til Bokn. Då må me berre planleggja, slik at me har båten der, lyder det frå ekteparet, som har rutetidene rundt Fisterøyane i hovudet.

Bilen har dei parkert på Judaberg, så det blir mykje farting over Finnøyfjorden for eigen maskin. Å kjøpa ei avis på Coopen på Judaberg, og slå av ein prat med folk på kaien, kan vera god nok grunn til å ta ein svipptur over fjorden, lyder det som.

Vêrfast på Judaberg
Thor E. Espeland har mangt å driva med, også dei dagane det er kundetørke for fotografmeisteren. Han er interessert i botanikk, og ekteparet har si eiga blomepresse og rikeleg med blomebøker. Thor ivrar for matkultur, og han har starta opp med matsider i Øyposten, med utgangspunkt i lokale, tradisjonelle oppskrifter frå Ryfylkeøyane.

I mange år har han dessutan hatt lyst til å gå på vinterlandbruksskulen. Nå har det endeleg blitt tid og anledning, og det passar godt for han at undervisninga er på Rennesøy dette året. Om han tenker litt fram, kunne han godt tenkja seg å ha nokre villsauer gåande rundt på Måløy.
– Vinterlandbruksskulen er veldig interessant. Einaste problemet eg har, er at dersom det er ruskete på fjorden så syter eg litt med å gå over fjorden i mørknet, seier vinterlandbruksskuleeleven, som medgir at han har overnatta i båten på Judaberg nokre netter. Det er for så vidt komfortabelt nok, men det hadde vore kjekkare å koma seg heim til kone og hund, må vita. Dette er av ulempene ved å bu såpass langt utanfor allfarveg, men det er ein pris Ingrid og Thor E. Espeland er villig til å betala. Når vatn, breiband og Helgøyen er på plass, er det meste greitt.

Einaste dei saknar, er ei båttaxi-ordning til å kunna ta seg raskt over fjorden, i spesielle situasjonar. Noko slikt finst visst ikkje midlar til i den fylkeskommunale pengesekken, ser det ut til.
– Om Jon Arne Helgøy og familien hans får konsesjon til evig tid, så er det reine paradiset her, skjemtar Thor E. Espeland, som gler seg til hummarfisket startar i fjordane rundt Fisterøyane.


Fleire foto i papiravisa/pdf-avisa, torsdag 18. september.