Når historia gjentek seg

LEIAR

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

For omlag to år sidan var den kontroversielle frådelingssaka,på Nordbø, den såkalla Nordbø-saka, ei,varm potet i det lokale politiske miljøet i Finnøy. Ein,sentral Kr.F-politikar melde seg ut av lokalpartiet i,protest mot partiet si handteringa av saka, og bølgene,gjekk om kanskje enno høgare i Senterpartietder to av partiet sine tre representantar gjekk saman,med fleirtalet inn for å splitta opp eit av dei største,gardsbruka på Finnøy og leggja størstedelen av jorda,ut som tilleggsjord til eit bruk på naboøya Fogn.,

I siste møte i Forvaltningsstyret var det ei liknande

sak kor det vert søkt om frådeling og oppsplitting av,eit større bruk på til saman 254 dekar på Ladstein.,Eit knappast mogeleg fleirtal, 5-4 røyster, gjekk inn,for at det ikkje skulle bli gitt dispensasjon frå kommuneplanen,til den omsøkte frådelinga.

No sparkar mindretalet representert ved Høgre og

Trygve Hetland Senterpartiet på skinnleggen og minner,dei om partiet si stemmegivning i Nordbø-saka,og etterlyser ein bevisst politikk frå partiet si side.,Senterpartiet ,representert ved Peder Østhus, sparkar,tilbake og meiner at ordføraren og hans meiningsfeller,sit på fanget til lokale næringsinterressentar i,denne saka.

Me skal ikkje på det noverande tidspunkt spekulera

i kva som var Senterpartiet sitt motiv i den svært så,overraskande handtering av den betente Nordbøsakamen berre konstatera at det i lokalpolitikken,ofte er nære relasjonar og ulike tilnermingar som,gjer at viktige politiske prinsipp og partiprogram vert,lagt til side når saker som dette er oppe til politisk,behandling. I så måte er kanskje Ladstein-saka berre,eit bevis på at historia gjentek seg. Men i begge,desse sakene er det grunn til å minna om at det på,den eine sida berre er partia Høgre og Fr.P som har,vore forutsigbare, og på den andre sida er det dei,to minste partia Arbeiderpartiet og Venstre, som har,stått på ei restriktiv linje.

Dei to største partia, Senterpartiet og Kr.F derimot,

,har all grunn til å klargjera sine politiske standpunkt,i slike viktige landbrukspolitiske saker som dette.

Publisert: