Misforstått toleranse

LEIAR

Bostad-utvalget sitt arbeid med å laga ny formålsparagraf for barnehagar og skular, bør bli følgt med interesse, ikkje berre av småbarnsforeldre. I barnehagen og i skulen får den nye generasjonen sitt første møte med storsamfunnet. Det er her dei tileignar seg sine første sosiale og kulturelle kodar, ut over det foreldra og heimemiljøet måtte ha formidla dei aller første leveåra.

Omsynet til innvandrarar og til eit multikulturelt samfunn, blir ofte brukt som argument for livssynsnøytralitet i skule og barnehage. Det er påfallande at det nesten berre er etniske nordmenn, og svært sjeldan dei såkalla nye landsmennene, som målber slike synspunkt.

Det treng ikkje vera skadeleg for borna å syngja ”O du som metter liten fugl” før maten, verken på skulen eller i barnehagen. Medan ein del etniske nordmenn står på barrikadane mot ein slik praksis, har forstandar Basim Ghozlan i Det Islamske Forbundet i Oslo teke til orde for at nett denne bordbønna er ein fin måte jødar, muslimar og kristne kan takka Gud i fellesskap.

Ein nasjon viser ikkje toleranse overfor andre kulturar ved å fornekta sin eigen identitet. Dette veit folk som kjem frå land og kulturar som er trygge på seg sjølv og på kva dei står for. Dessverre er det altfor mange norske human-etikarar som ikkje har gjort eller som ikkje vil gjera denne grunnleggande oppdaginga.

Den raudgrøne regjeringa har ikkje ligge på latsida i arbeidet med å frikopla skular og barnehagar frå det som måtte finnast av kristne formålsparagrafar. Statsråd Bård Vegar Solhjell sendte nyleg ut ei pressemelding om at regjeringa sitt forslag til nye formålsparagrafar byggjer på menneskerettighetane, og at verdiar som åndsfridom, nestekjærleik, likeverd og solidaritet er spesielt omtala. Og som ein indirekte konsekvens, heiter det lengre nede i teksten at desse ”verdiane kjem til uttrykk i kristen og humanistisk tradisjon og i ulike religionar og livssyn.”

Kristendommen blir altså redusert frå å vera eit utgangspunkt for god oppfostring, til å bli ein tradisjon og ein konsekvens, gøymt i fjerde avsnitt i ei pressemelding.

Dette er god SV-politikk, og Ap har heilt sidan partiet var ungt og revolusjonært hatt tradisjonar for å sjå med skepsis på at staten held seg med sin eigen religion.
Me er ikkje like overbeviste om at grasrota i den tredje regjeringspartnaren, Senterpartiet, kjenner seg bekvemme med denne utviklinga. Statskyrkjeforliket i Stortinget i april fekk Sp-støtte i siste sekund, fordi partiet innsåg at forliket ville få det nødvendige fleirtalet uansett.

Medan Sp stod åleine i stat-kyrkje-samanheng, er situasjonen ein heilt annan i synet på formålsparagraf i barnehagen og i skulen. Her er store delar av Høgre og FrP og eit samla KrF på linje med det som me trur er den rådande oppfatninga på grasrotnivå i store delar av Senterpartiet. Då Finnøy formannskap skulle uttala seg om den mykje omtalte omlegginga av skulefaget KRL til RLE, var det såleis Odd Bleie (Sp) som fronta den sterkaste skepsisen.

I den pågåande verdidebatten om skule og barnehagar, bør Senterpartiet utnytta den politiske tyngdekrafta, til å trekka SV og Solhjell ned på bakken. SV og Ap har ikkje fleirtal i Stortinget utan Senterpartiet. Dersom stortingsgruppa og partileiinga er i utakt med lokallaga i eit parti, så har lokallaga rett og plikt til å seia ifrå.