Masta vann opprykkstrillar

Champagnekorken fauk i lufta og spelarane kasta seg rundt kvarandre i vill seiersdans,då Masta slo Finnøy i opprykkskampen til 3.divisjon laurdag ettermiddag.Kampens store spelar var spelande trenar Grethe Elin Håvardtein, som scora alle tre måla for heimelaget i ein kamp som enda 3-1.

Det var likevel Finnøy som opna kampen best, og som tok leiinga 1-0 etter 7 minuttars spel ved Ruth Nordbø etter eit glitrande angrep.Laget kontrollerte kampen den første halvtimen ,og den same Ruth Nordbø kunne auka leiinga då ho skaut i stolpen etter 20 minuttars spel.Det kom difor som ein kalddusj då Håvardtein klarte å pirka ballen forbi keeper Mona Nordbø etter ein duell med midtstoppar Ane Vignes og nemde Håvarstein .Berre få minuttar seinare,stoppa finnøyspelarane opp for offside, men korkje dommar eller linjemann markerte, og dermed kunne Håvardstein, med ei fortid i Sola og 1. divisjonsspel, enkelt putta sin andre for dagen.Etter dette oppsto det nærmast kaotiske tilstandar i finnøylaget,då både kaptein Iris Handelamd,søstera Trine og venstre back Eirin Nordbø alle måtte ut med skader .Trass i dette kjørte Finnøy over heimelaget i byrjinga av andreomgangen, men ein både god og heldig Mastra keeper heldt laget inne i kampen.Det kom difor som nok ein stor kalddusj,då Grethe Elin Håvardtein fullbyrda sitt hattrick og sente heimelaget opp i ei 3-1 leiing etter ein fæl miss i Finnøyforsvaret.Surt for damelaget til Finnøy som har leia serien mest heile sesongen og blitt fråteken 12 poeng fordi to lag har trekt seg.Dersom resultata kampane mot desse to laga, Madla og Tjensvoll hadde blitt gjort gjeldane, ville det vore Finnøy som hadde rykka opp ein divisjon,og ikkje Mastra.I ein svært tøff og jamn kamp trakk Mastra det lengste strået og rykkjer no truleg opp ein divisjon,medan Finnøy må belaga seg på eitt nytt år i fjerde.