Manglande vedlikehald av friluftsområde

LEIAR

Øyposten har ved fleire høve peika på problema
knyta til det mangelfulle vedlikehaldsarbeidet som
har eksistert over tid i dei to friluftsområda på badeplassen
Kvitevik og i det populære turområdet Teigen
på Finnøy. Også i dagens utgåve av avisa kjem det
reaksjonar på dette frå tilreisande som oppsøkjer
øysamfunnet vårt i desse vakre sommardagane. Det
er det interkommunale organet Ryfylke Friluftsråd og
Finnøy Kommune som har vedlikehaldsansvaret for
desse utfartsområda.

Sjølv om einskildpersonar og lokale eldsjeler her
på Finnøy tidlegare har gjennomført ein prisverdig
dugnadsinnsats for å rydda opp i Teigen, synest me
det er rart at både friluftsrådet og kommunen kan vera
bekjent av å ha det slik.

Spesielt under dei fantastiske fl otte sommardagane
som me har vore vitne til i den siste tida.

Etter det me kjenner til så er Kvitevik den einaste offentlege
badeplassen me har i kommunen vår, og då
burde det vera ei smal sak å kunna ha denne i ein slik
forfatning at publikum fi nn det attraktivt å oppsøkja
ham. I desse ferietider er det mange som vitjar øyparadiset
vårt og då er det viktig at dei mange tilreisande
gjester får eit fi nt og godt fyrstehandsinntrykk
når dei oppsøkjer friluftsområda våre.

Det trur me diverre ikkje at alle har fått denne sommaren.