Må til nordfylket

Finnøy sitt A-lag i fotball må belage seg på mange lange reiser til Nord Rogaland når dei skal spela sine seriekamper denne sesongen.Finnøy er nemleg eitt av tre lag frå sørfylket som dette året må reise over Boknafjorden når dei skal spela sine seriekamper.

Dette er blitt klart etter at Rogaland Fotballkrets like før jul sette opp dei tre puljene for årets fotballsesong.Laget skal møte klubbar som Skudenes,Ferkingstad og Torvastad på Karmøy i tillegg til Vats/Skjoldar og Etne lenger nord.Det blir også eit gjensyn med tysværklubben Falkeid som laget møtte fleire gonger på 1980-talet.I tillegg til Finnøy er det stavangerlaget Ild og Kåsen som må ta dei litt lange reisene til nordfylket for å spela sine kampar.