Lokaldemokrati eller embetsstyre?

LEIAR

I den kontroversielle frådelingssaka på eit større
gardsbruk på Nordbø gjorde han det, i dispensasjonssaka
vedrørande oppføring av bustader i eit
LNF-område på Falkeid gjorde han det og no sist
også i samband med den mykje omtala saka om
næringsareal på Ladstein gjorde han det også;
Fylkesmannen ved landbruksdirektøren går igjen
i klinsj med kommunale reguleringsvedtak og får
medhald i sine motsegner etter i to tilfelle å ha anka
dei inn til både settefylkesmannen i Agder og no sist
heilt opp til Miljøverndepartementet og sjølvaste
statsråd Erik Solheim.
Me vil ikkje på det noverande tidspunkt gi uttrykk
for våre haldningar i desse tre ulike sakene, men det
er likevel eit stort paradoks og eit tankekors for heile
lokaldemokratiet og lokalpolitikken i Finnøy at ein i
sak etter sak blir overstyrt av embetsmannsverket på
denne måten.
Finnøy kommune går no inn i ei viktig epoke som
genererer ny optimisme og pågangsmot gjennom
den føreståande fastlandstilknytinga gjennom Finnfast.
Då må det ikkje vera slik at lokaldemokratiet vert
sett til side ved at det er sentrale styresmakter aleine
som legg føringane for korleis me skal utforma lokalsamfunnet
vårt i framtida.
Også ein fattig kommune som Finnøy ynskjer å få
drahjelp frå den sterke ekspansjonen innan næringslivet
på Nord-Jæren og elles ved å leggja forholda til
rette for lokale bedrifter og næringsliv.
Då kan ikkje øyriket vårt i framtida berre bli liggjande
att som ein grøn oase og urørd idyll for
hyttefolk og turistar midt i Ryfylkebassenget, medan
lokale bedrifter blir oppfordra til å ”flagge ut” over
fjorden til Hanasand og inn i nabokommunen.
Det blir liten vekst i den kommunale skatteinngangen
av ein slik politikk.