Lesarbrev: Om å stilla spørsmål og fortelja historier

Eg las i siste Øyposten at Erik Astad fortvilar over Finnøyskulen, som han seier har dårleg leiing, og har hatt det over tid. Faktisk i ti-år. Han meiner at den dårlege skulen skyv barn og unge ut i fortsatt fortviling, mindreverdig omsorg og undervisning.

I same utgåve har Kirsten Elin Bergsvik ein tankevekkjar om å fortelje historiar for å byggje omdømme.
Mi historie er som fylgjer: Eg er mor til tre born i grunnskulen i Finnøy, på barne- mellom- og ungdomstrinnet. To av dei går på sentralskulen, Hesby og Judaberg, ei går på Halsnøy oppvekstsenter. Me har tidlegare vore busette i Stavanger, og har difor hatt to born i grunnskulen der og. Og for borna våre har me til saman brukt 4 ulike barnehagar, to i Stavanger og to i Finnøy. Som foreldre har me klare forventningar til innhaldet i skulen, og me stiller tilsvarande krav til borna våre om å yta sitt beste. Fordi me meiner kunnskap er viktig og noko det er vanskeleg å greie seg utan. Mi vurdering av det dei får av omsorg og undervisning er altså på den bakgrunnen.
Astad stiller spørsmål ved kven i skulen han skal samarbeide med. Han har ikkje funne nokon i skulen som har ambisjon eller evne til å skape gode resultat. Mitt råd til Astad er å kontakte lærarane til borna. Det har eg gjort med stort hell i snart åtte år no.
Som forelder vurderer eg terskelen for å kontakte læraren til borna mine som svært låg. Eg opplever at når eg tek direkte kontakt med skulen – altså læraren – får eg gode svar, og eg vert høyrd, sjølv om eg ikkje alltid får viljen min. Eg har ikkje hatt skuleborn i fleire ti-år, men eg har likevel sett ei utvikling frå vår eldste vart skulegutt til den yngste som går i 1. klasse no. Lære- og fagplanar er endra, samt måten å evaluera og gje tilbakemelding til heimen. Eg ser aukte mål i alle fag allereie frå 1. klasse, noko eg set stor pris på. Noko av det som imponerer meg er den skriftlege evalueringa eg fekk for barnet mitt i matte, norsk og sosial kompetanse. Grundig tilbakemelding om kva ho kan og kva som kan vera mål å jobba mot. Og dei treff! Det er for meg det beste teiknet på at barnet mitt vert sett i alle samanhengar og i alle fag – og eg er fylt av beundring over dei som kan halde dette synet på 24 seksåringar samstundes!

På foreldremøtet i første klasse fekk me endåtil privatnummeret til læraren – med oppmoding om å ta kontakt om me lurer på noko. Det gjer meg takksam og svært trygg for at barnet mitt er i dei beste hender, som vil henne vel.

Når tidleg læring skal vere eit tema er det viktig for meg å nemne barnehagetilbodet me har hatt i Finnøy. Rett nok er nok læringsmåla endra der og frå me første gong brukte barnehage i Stavanger, men me lot oss imponere over formidlinga – både av tidleg matematikk og språk- og begrepsforståing. Men mest av alt over den omsorga og gleda dei tilsette i barnehagane – både på Halsnøy og Finnøy – viste over å vera med barnet vårt, og at dei lot henne vite at dei såg og sette pris på henne, og gledde seg over å vere i lag med henne !

Eg deler altså ikkje Astad sine opplevingar av mindreverdig omsorg og undervisning, og tykkjer det er leit at han har slike negative erfaringar med Finnøyskulen. Ingen foreldre skulle kjenne slik uro for korleis borna har det i kvardagen. Og eg tykkjer det er stor grunn til uro dersom borna våre vert mobba eller mobbar sjølve. Kva gjeld mobbing meiner eg bestemt at me som foreldre har det største ansvaret for korleis borna våre ter seg i lag med andre menneske. Eg veit og at eg som mor ikkje får vite alt borna mine gjer, men eg har ei klar forventning om at skulen skal ta kontakt med meg dersom mine born utviser ei åtferd som ikkje er akseptabel. Eg håpar at eg, dersom det skjer, kan vere audmjuk nok til å sjå mitt ansvar som forelder, og ikkje fornekta eller leggja ansvaret på andre, til dømes skuleleiinga. Og eg ventar at i ein vanskeleg situasjon skal skulen ha kunnskap og i samarbeid med heimen setja i verk tiltak for å få ei endring.

Det kan seiast mykje om lokale og læremateriell og innsatsen til lærarane i Finnøyskulen – eg er trur det er like mange meiningar som det er heimar. I Stavanger var det ikkje så verst med skulebøker dei fire første åra, men lokala var så som så – guten vår gjekk i ein paviljong av brakker med nokså kummerlege ventilasjons- og garderobetilhøve. Det er betre plass både på Halsnøy og på Hesby. Eg ser ikkje teikn til at dårlege lokale har plaga guten, eller at han lid av det no. Men han har heile tida – både i Stavanger, på Halsnøy og på Finnøy hatt flinke og omsorgsfulle lærarar – som me som foreldre har samarbeidd godt med.

Stoda no, slik eg som kravstor mor ser det, er at alle borna mine – på kvar sin skule – med ulik standard på lokale, rom og læremateriell, er i ein kvardag der dei alle tre trivest svært godt. Hovudårsaka til det meiner eg er at dei oftast vert sett av sine næraste føresette i skulen – altså læraren – får tilpassa opplæring, og me foreldre får presise tilbakemeldingar om kva som er bra og kva som må arbeidast med.
Eg på mi side prøver etter beste evne å lese alle brev og meldingar, og signere på alle ark, planar og prøvar – fordi det betyr mykje for meg, og eg kjenner ansvaret som ligg til det å krevje mykje; då må ein jammen gjere sin del av jobben !

Eg kan difor ikkje anna enn å råde Erik Astad og alle andre til å samarbeide med skulen – representert ved læraren til borna dykkar – spørje korleis dei ynskjer seg samarbeidet for å få eit best mogleg læringsmiljø! Vi som foreldre må kunne forvente at skulen stiller krav til borna våre, og vi må vere trygge for at lærarane leier klassen til eit godt miljø som fremjar trivsel og kunnskap. Så håpar eg at fleire enn meg kan kjenne at dei har gode historier og fylgjer Kirsten Elin si oppmoding: Fortel dei !

Eva Bringeland

LES FLEIRE MEININGSYTRINGAR I ØYPOSTEN!