Landbruket inn i ei ny tidsepoke

LEIAR

Det har den siste tida føregått eit høgt politisk spel i
samband med dei pågåande jordbruksforhandlingane,
og knapt nokon gong dei siste femti åra har behovet
for eit sterkt norsk landbruk i eit nasjonalt og globalt
perspektiv vore større enn akkurat i dag.

Ferske meiningsmålingar syner også at det er svært
lenge sidan norsk landbruket har hatt ein sterkare posisjon
i det norske folk. På same tida ser me at den eine
store naturkatastrofen avløyser den andre i dei folkerike
statane i Asia. Prisen på sentrale basisvarer som ris når
rekordhøgder og blir ei mangelvare, medan det føregår
hamstring og storinnkjøp for å sikra leveransen i mange
av dei rike landa i Vesten.

Det moralske aspektet i ein slik politikk bør kvar og ein
ta innover seg.

I eit slikt perspektiv er det også viktigare enn nokon
gong at ein legg forholda til rette for å sikra den norske
sjølvforsyninga av mat og auka denne. Difor er det ein
rettmessig kamp for å sikra norske bønder ei akseptabel
inntekt som i desse dagar utspinn seg i Landbruksdepartementet.

På same tida er det all grunn for dei mange populistane
på høgresida i norsk politikk, representert med Fr.P og
Høgre, å gå nokre rundar med seg sjølve. I ei årrekke
har dei saman med den sentrale rikspressa ivra for å
auka matvareimporten og redusera overføringane til
norsk landbruk. Nå møter dei seg sjølve i døra på ein
slik måte at dei bør rygga mange steg tilbake. For i
framtida er det ikkje ”det sorte gull” under havbotnen
som blir Norge si framtid.

Då er det norsk mat som blir gull verd!