Kvifor slik hastverk?

LEIAR

«Eit klokt val» hadde me som overskrift på leiarplass då eit
fleirtal i Forvaltningsstyret onsdag 12. mars vedtok å utsetja
saka om å oppheva buplikta for bebygd eigedom, den
såkalla 0-konsejonsforskrifta, til etter at den nye odelslova
som i desse dagar er ute på høyring i kommunane er
vedteken i Stortinget. Nå viser det seg, i følge kommunelova,
at denne saka likevel kan gå vidare til kommunestyret til
endeleg avgjerdsle.
Saka kjem difor opp i fyrste kommunestyremøte tysdag
28. april.

Me kjem ikkje frå redaksjonelt hald, av omsyn til lesarane
våre, på leiarplass til å tvera ut denne saka noko særleg
lenger. Likevel føler me at saka er så viktig og har skapt slikt
breitt engasjement ute i lokalsamfunnet og blant lesarne
våre at det er grunn til å gi den brei redaksjonell plass og
dekning. Difor er det og all grunn til å lytta til dei klare råda
som kjem fram både i den ferske meiningsmålinga som i
dag blir offentleggjort frå TNS Gallup, og til den underskriftskampanjen
som blei gjennomført tidlegare i vinter. Ikkje
minst er det all grunn til å lytta til ungdommen, dersom me
ynskjer å ta dei på alvor.

Dessutan er det berre Høyre og Fr.P som i sine valprogram
klart har gitt uttrykk for at dei vil fjerna buplikta, og dei har
berre 5 av 21 representantar i kommunestyret. Noko slikt
klart standpunkt har me fram til no ikkje klart å lesa ut av
ordførarpartiet, Kr.F, sitt program. Dette bør opna opp for ei
fristilling av representantane frå dette partiet.

Eit hovudargument for å fjerna buplikta har vore å få fart
på bustadbygginga og auka folketalet i den nordre delen
av kommunen. Me ser i dag ut av postlistene til Finnøy
kommune og på andre måtar at etterspørselen etter bustadtomter
er sterkt aukande både på Halsnøy, Ombo og i
Sjernarøy. Difor er det etter vår meining andre verkemiddel
som betre tilrettelegging og ei raskare og smidigare kommunal
saksbehandling som bør takast i bruk først før ein går til
det skritt å oppheva buplikta.

Det nye politiske regimet i kommunen har hausta mange
lovord for arbeidet sitt det fyrste halve året. Difor er det heller
ingen grunn til at det skal gå politisk prestisje i bupliktsaka
i ein så tidleg fase av valperioden.
Så kvifor slik hastverk når signala frå velgjarane og grasrota
er så sterke?