Kundebehandling og kyrkjegardsfred

Lesarbrev – Jonas Jørstad

Ein ombomann som var på kyrkjekonsert under Tomatfestivalen, kritiserer i førre nummer av Øyposten avisa si redaksjonelle dekning av konserten. Det er heilt i orden. Dette var ein konsertanmeldelse, og denne typen journalistikk er i prinsippet alltid subjektiv. At alle som opplever konserten skulle sitja att med nøyaktig same inntrykka som anmeldaren, er verken ønskeleg eller praktisk mogeleg.

Når det gjeld dei reint musikalske sidene av konserten, gjev ombomannen uttrykk for presis dei same vurderingane som eg gjorde i konsertanmeldelsen i Øyposten for to veker sidan: Musikken var vakker, og den stappfulle kyrkja skapte god stemning. Ombomannen deler derimot ikkje mi vurdering om at det øydelegg stemninga når ein artist ved fleire høve undervegs ser på klokka og orienterer publikum om at musikarane hans må nå ei ferje. Han gjev dessutan inntrykk av at han har eit svært sekularisert og liberalistisk syn på kva som sømer seg av handelsverksemd på vigsla kyrkjegardsjord når sola går ned i vest kvelden før kviledagen.

Det som eg sleit med då eg skulle anmelda denne kyrkjekonserten, var at det utanommusikalske var så umusikalsk, at det øydela ikkje så ganske lite for det musikalske. Dette kom konkret til uttrykk på to ulike felt, og det er nøyaktig dei same to tinga som ombomannen kritiserer meg for i Øyposten for ei veke sidan.

Som journalist har eg ei plikt og eit ansvar for å vera ærleg mot meg sjølv og mot lesarane mine. Pressefolk skal ikkje vera mikrofonstativ eller heiagjeng. Me har ei plikt til å formidla det me ser. Ein konsekvens av dette, er at me ein gong i blant må setja fingeren på problemstillingar som einskildpersonar ikkje likar at me fokuserer på. Det hender at folk blir sinte, og det hender at det kjem lesarbrev der me blir mistenkjeleggjorde for både det eine og det andre. Hadde eg som journalist ikkje vore villig til å ta denne belastninga, kunne eg heller ikkje ha forventa at lesarane hadde festa lit til det som står på trykk.

I løpet av dei siste seks åra har eg skrive redaksjonelle avisanmeldelsar av tre ulike revyar med nett denne artisten i hovudrollen. I Etne, i Skjold og i Stavanger. Eg har også skrive redaksjonelle omtalar av den same artisten etter ein konsert i Vikedal og etter ein opptreden i Vikebygd og ein i Ølensvåg. Pluss ein del førehandsomtalar. Kanskje er det meir, som eg ikkje kjem på i farten. På eit generelt grunnlag, trur eg ikkje denne artisten har det minste grunn til å vera misnøgd med presseomtalen eg har gitt han. Men så har heldigvis desse andre revyane og konsertane vore fri for den typen utanommusikalsk umusikalitet som eg sette fingeren på denne gongen.

Ettersom kritikken i Øyposten for ei veke sidan er så kategorisk og ettersom forfattaren sit som ordførar i Finnøy kommune, kan det vera på sin plass å koma med eit par presiseringar.

Det gjekk fleire ferjer
Han meiner tydelegvis at det er heilt greitt å gå frå jobb før tida, dersom alternativet er å måtta venta eit par timar på ei sein kveldsferje, eller å ordna seg med båtskyss på anna vis. Til overmål set han fram krav om at Øyposten sin konsertanmeldar ikkje skal få lov til å bli buande i Finnøy kommune eller arbeida i Finnøy kommune, med mindre eg kryp til korset og er einig.

Som ein fri og uavhengig journalist så avviser eg sjølvsagt slike krav. Den frie pressa skal ikkje vera pudlar for prest eller lensmann, ordførar eller banksjef, eller for nokon annan for den saks skyld.

Eg opprettheld påstanden i konsertanmeldelsen om at det er mi subjektive oppfatning at det ikkje utan vidare er greitt at kulturarbeidarar med uregelmessig arbeidstid går frå jobb før tida, når grunngjevinga er at dei skal sleppa å venta på neste ferje på veg heim frå jobb. Ombomannen har sjølvsagt rett i at det er naturleg å organisera møter og sosiale treff slik at det passar med ferjerutene. For somme arbeidstakarar går det også an å tilpassa seg, men dette er slett ikkje alltid mogleg i service-yrke eller for kulturarbeidarar med uregelmessig arbeidstid.

Arbeider du i eit serviceyrke, kan du ikkje berre springa frå kundane dine. Heller ikkje når konsekvensen kan bli at du må venta to timar eller meir på neste buss eller neste ferje. Alternativet er å ordna seg med drosje eller skyssbåt, eller henting i privat regi. Eg har arbeidd fleire år i serviceyrke, og eg har ofte måtta venta ein time eller to på bussar heim frå jobb. Eg har også brukt ein del timar av livet mitt på ferjekaiar i Ryfylke. For mange av oss er det nå eingong slik at jobben må gjerast ferdig, sjølv om me risikerer å tvinna tommeltottar på ein kai eller to på vegen heim.

På kyrkjekonserten ombomannen skriv om, sat det ei stappfull kyrkje og klappa kraftig. Stemninga var god. Artisten frå vestsida av Finnøy som aldri før hadde hatt konsert i Hesby-kyrkja var «komen heim». Som konsertanmeldar meiner eg at desse smilande og klappande kundane hadde grunn til å forventa meir enn det dei fekk. Dei hadde betalt billett for å gå på kyrkjekonsert. Då meiner eg dei hadde god grunn til å forventa fleire musikkinnslag enn det dei faktisk fekk i denne timeslange seansen, der ganske mykje av tida gjekk med til dei verbale fugene mellom songinnslaga. Desse ikkje-musikalske småkåseri var trivelege på alle vis, men kundane hadde trass alt løyst bilett til ein «konsert», og dei hadde lagt att 60.000 kroner i inngangspengar. Der var økonomisk handlingsrom til å fiksa ein skyssbåt til både Hanasand og Arsvågen, om behovet og viljen var til stades. Sjølv om det nok bør kviskrast frampå om at det gjekk fleire rutebåtar, både frå Ladstein til Hanasand og vidare frå Mortavika til Arsvågen for dei som eventuelt skulle til nordfylket.

Når artisten allereie to-tre songar frå oppstart byrja å telja ned mot ein ferjeavgang som ikkje eingong var kveldens siste, og heldt fram i same sporet, så er eg slett ikkje einig med ombomannen i at dette er «greitt» på nokon som helst måte. Eg vil gå så langt som å hevda at dette var på grensa til å vera respektlaust overfor publikum. Denne rutinerte artisten burde ha fiksa dette på ein heilt annan måte, slik at publikum (kundane) fekk den konsertopplevinga dei hadde betalt for, og som eg som redaksjonell anmeldar meiner at dei hadde eit legitimt krav på å få.

Dersom ombobuen etter desse presiseringane frå mi side framleis står fast på sine krav overfor meg om forvisning og yrkesforbod, så vil eg oppmoda han om at han fremjar krava sine i eit meir passande forum enn i Øyposten si debattspalte.

Pengeveksling på kyrkjegarden
Lesarbrevet frå ombomannen må tolkast slik at han meiner kyrkjegarden er ein heilt grei plass å stilla seg opp med berbar platebutikk. Han må gjerne meina dette, men han bør samstundes akseptera at det er ei ganske utbreidd oppfatning her til lands at det ikkje er god takt og tone å gjera kyrkjegarden til marknadsplass.

Øyposten sin journalist blir skulda for ikkje å unna denne dyktige artisten å tena pengar. Dette har ingenting med saka å gjera. Alt har si tid og sin stad. Mi subjektive oppfatning er at kyrkjegarden klokka halv ti om kvelden ikkje er rette settinga. Som konsertanmeldar i Øyposten, så har eg fullt høve til å gje uttrykk for at eg syntest det er flaut at Hesby sokneråd tillet at det kyrkjelege rom blir brukt til reint kommersielle formål på dette viset.

”Kyrkjegarden er vel ikkje rette staden for pengevekslarar” lydde kommentaren frå ein kyrkjeverje eg kjenner, då eg spurde han om kva skrivne og uskrivne reglar som gjeld i slike situasjonar. Han har arbeidd i mange år som kyrkjeverje i ein kommune med åtte kyrkjer og elleve kyrkjegardar. Erfaringa hans er at i den grad platesal og boksal blir akseptert innanfor kyrkjeporten, så bruker sokneråda gjerne våpenhuset til den slags aktivitetar. Dette fordi våpenhuset blir rekna som å vera mindre heilag enn sjølve kyrkja. Han hadde aldri opplevd at det var drive kommersiell verksemd på nokon av dei elleve kyrkjegardane han har ansvaret for.

Eg var slett ikkje sur då eg var på kyrkjekonsert, slik ombomannen insinuerer. Eg var forventningsfull. Det var ein strålande dag, og då eg kom ut av kyrkja hadde sola nettopp gått ned i vest. Dei seks kvardagane det var blitt snakka om inne i kyrkja var til ende, og søndagsroen kunne senka seg over by og land. Det siste eg såg på veg heim, var ein oppegåande mann i femtiårsalderen som hadde stilt seg opp på vigsla kyrkjegardsjord og selde fjorgamle plater for eiga vinning. Eg syntest beint fram det var flaut.

Eg er glad for at me lever i eit samfunn der det blir akseptert at folk har ulike meiningar om både dette og hitt. Eg kjenner denne ombomannen som ein klok mann, og eg kjenner meg rimeleg trygg på at han deler mi grunnhaldning i så måte. Nettopp difor forventar eg at han viser såpass storsinn at han respekterer mine haldningar og mine meiningar, like så vel som eg respekterer hans.

Jonas Jørstad
Journalist i Øyposten

Lenke:
Konsert og ferjer
(Lesarbrev)

Lenke:
Vakker musikk og travle musikantar
(Kyrkjekonsert Hesby kyrkje laurdag 9. aug.)