Konsert og ferjer

Lesarbrev – Kjell Nes

Eg var på kyrkjekonsert i samband med Tomatfestivalen. Kyrkja var stappfull av både innfødde og tilreisande. Artistane var tilreisande, dei fleste. Men hovudpersonen har finnøyopphav. Det kan me vera kry av.

Det var ein flott konsert. Eg fryda meg over gode tekstar og fine melodiar. Både song og musikk fall i smak. Og dei gode historiene batt heile førestellinga saman på ein framifrå måte. Den gode humoren i dei nære og varme forteljingane gledde eg meg over. Enno kan eg le når eg repeterer for meg sjølv.

Øyposten var og på konsert. Men meldaren må ha stått opp på feil fot den dagen. Maken til sure oppstøyt er det ikkje jamt ein ser på trykk. Det er tydeleg at journalisten har vondt av at artistane skal tena pengar på talentet sitt. Eg lurer på om journalisten har same haldning til sitt eige arbeid.

I tillegg vart det ei hovudsak i meldinga hans at artisten kom med ei opplysing om at tida rann ut, og at det var visse ferjer ein skulle nå. I øysamfunnet vårt er det ei heilt vanleg opplysing, men dette øydela visstnok konserten for journalisten.

Me som er avhengige av ferjer og båtar, synest dette er heilt naturleg. Me er vande med å innretta oss etter dette både i arbeids- og organisasjonsliv, i kulturliv og i sosiale samanhengar. Truleg må mange av innbyggjarane i kommunen vår ha dette med seg resten av livet.

Eg vil rå journalisten til å ta dette inn over seg snarast råd, dersom han skal bu og arbeida her.

Samstundes vil eg takka både arrangørar og artistar for ein ugløymande kveld.

Kjell Nes

[Kjell Nes er ordførar i Finnøy kommune.
Han er innvald som representant for KrF
i kommunestyret og i formannskapet.]

Lenke:
Vakker musikk og travle musikantar
(Kyrkjekonsert Hesby kyrkje laurdag 9. aug.)