Jordbruket i ei brytningstid

LEIAR

Strukturrasjonaliseringa i jordbruket går raskare enn
nokon gong. Effektivisering, rasjonalisering og avvikling
er det som kjenneteiknar utviklinga på nasjonalt
nivå og talet på sysselsette i næringa går ned. Regionalt
og lokalt ser me også dei same utviklingstendensane,
sjølv om produkjsonvolumet innanfor dei
mest sentrale produksjonsgreinene framleis er stabilt
og på enkelte område viser ei positiv utvikling.
Dette skjer i ei tid der dei raudgrøne sit med regjeringsmakta
og kor ein tidlegare nestleiar i Bondelaget
og Sp-statsråd sit på toppen i Landbruks- og
matdepartementet.
Eit paradoks for mange, – kanskje? Likevel så viser
dette at det også er andre krefter enn den nasjonale
landbrukspolitikken som legg føringar for utviklinga
i næringa, sjølv om det er på høg tid at matministeren
legg grunnlaget for eit markant inntektsløft
for bøndene i samband med jordbruksoppgjeret til
våren.
Alle internasjonale utviklingstendensar viser at etterspurnaden
etter mat vil auka kraftig i åra som kjem.
Då må me ikkje stelle oss slik nasjonalt og lokalt at
me byggjer ned jordbruket.
Dette bør ein Sp-statsråd nærmast vera ein garantist
for dersom partiet framleis skal ha sin legitimitet i
distrikts-Norge.
Landbruket i Norge vil truleg oppleva ei ny renessansetid
dersom me skikkar oss vel.
Så kjære bonde – hald ut og ”bli ved din lest”.