Hummarfiske med ein veteran

– Reglar er til for ærlege folk. Dei andre bryr seg ikkje, seier Johan Foldøy (87) medan han tek mål av ein hummar han nett har drege opp or fjorden. Det manglar eit par millimeter på 25 centimeter. Den gamle fiskaren hiv hummaren resolutt på sjøen.

Spegelblank fjord, måkeskrik og motordur. Det er oktober, men lufta er mild og sola varmar. Ei kobbe stikk hovudet nyfikent opp, ser seg rundt og forsvinn igjen. Johan Foldøy (87) står ved roret. Han kjenner fjorden som sin eigen bukselomme. Veit kor fisken bit og hummaren kryp. Det lærte han av far sin, Sven Foldøy. Ryfylkebispen. Menneskefiskaren frå Paradis. Frå Johan Foldøy var berre ein neve stor tok far hans yngste sonen sin med på sjøen.

Les meir i papirutgåva 16.oktober.