Heilårsbustader eller fritidsbustader?

LEIAR

Spørsmålet knytta til den klassiske problemstiliinga om
bustader skal nyttast som heilårsbustader eller fritidsbustader
i Finnøy har igjen blitt aktualisert etter at eit større
eigedomsmeglarselskap i desse dagar går ut og annonserer
ein nyoppført bustad for sal som fritidsbustad.

Dette er ein bustad som har ei svært attraktiv plassering
nær sjø i eit større sentrumsnært bustadfelt på Judaberg.

Det har heller ikkje mangla på reaksjonane i etterkant av
denne annonseringa. Rådmann, Magne Kongsvik, er også
uvanleg krass i sin karakterstikk av denne type annonsering
og handlemåte frå eigedomsmeklaren si side, som han i
klare ordelag karakteriserer som rein spekulasjon.

Dette med bakgrunn i at både seljar og meklar i dette tilfellet
burde vita godt om kva reguleringsbestemmelsar som
gjeld i samband med både dette bustadfeltet og dei fleste
andre nyare bustadfelt ellers i kommunen.

Det er kanskje ikkje overraskande at denne type problemstillingar
dukkar opp i kjølvatnet av det omdiskuterte

vedtaket om å oppheva buplikta på bustader i kommunen.
Me har også den tiltrua til den politiske leiinga i kommunen
som stod bak dette vedtaket, at dei brukar dei andre
sentrale verkemidla dei har for å hindrar at attraktive, nye
og sentrumsnære heilårsbustader blir selde som fritidsbustader.

For me vel å tru at det ikkje var denne utviklinga som var
intensjonane bak vedtaket om å oppheva buplikta på bustader
i Finnøy kommune.