Gutt 15 avdelingsvinnar

Finnøy sitt Gutar 15 års lag i fotball har vunne si avdeling i 2.divisjon framfor gode lag som Havørn og Bryne.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

Laget til trenar Geir Åge Brandeggen,har hatt ei svært fin stigning utover i sesongen,og vann serien eitt poeng framfor tanangerlaget Havørn.Etter å ha tapt storparten av kampane i fjorårssesongen og tidlegare år,er det ein imponerande framgong spelarane og laget har hatt det siste året.I den siste og avgjerande kampen borte mot Høle,vart det eit målrikt oppgjør som enda 5-5.

Publisert: