Gud, mammon og ordføraren

Lesarbrev – Arild Flesjå

Det er med interesse eg har fylgt debatten etter kyrkjekonserten på tomatfestivalen. La det vera klart med ein gong at journalist Jørstad i Øyposten har et veldig godt poeng i sin anmeldelse av konserten. Sjølv var eg der ikkje, men går ut frå at fakta i saken er belyst og ikkje stridens kjerne. Personleg har eg stor sans for det meste som Torolf Nordbø skriv og som kjem fram i visene hans. Eg kan spela mange av tekstane hans gong på gong for å forstå budskapet hans.

Jørstad gjer som han seier i eit lengre innlegg i siste nummer av Øyposten, det som er hans plikt som journalist. Hans anmeldelse av konserten er full av lovord om tekstane og musikken som blir framført i kyrkja denne kvelden. Men han hopper ikkje bukk over det som eg og mange med meg meiner var skuffande. Nemleg at Torolf og musikarane hans på ein slik kveld skulle ha det så fælande travelt med å nå ferja, ikkje den siste ferja. Der synes eg at Torolf skulle planlagt mykje betre og brukt den tida som var nødvendig for at folk ikkje skulle bli minte på at ferja går snart. Eg kan også godt forstå dei som reagerer på at kyrkjegarden blir gjort om til marknadsplass. La oss ha respekt for deira syn på det. Kyrkja og gravplassen rundt er for oss fleste staden der det ikkje skal føregå kommersielle ting som sal og anna. Noko av det siste far min skreiv om var nettopp denne staden, der han skriv om kyrkjegardens lune fred.

Nå kjem eg til det som sjokkerte meg mest i denne saka. Nemleg ordførarens overhøvling av Jørstad. Eg må sei deg det, herr ordførar Nes: Dette var pinleg. Ordføraren skal få lov å ha sine meiningar om saker og ting privat, men han vil alltid bli assosiert med det at han er ordførar.

Difor skal han vakta seg vel med å komma med anbefalingar til ein journalist om snarast å dansa etter ordføraren si pipe og helst skriva det som han tykkjer høver seg, dersom han har tenkt å fortsetja å arbeida og bu her, som ordføraren skriv. Så vidt meg bekjent skal journalisten både bu og arbeida her på Finnøy, men skal skifta arbeidsgivar. Han skal bli rådmannens høyre hand og avstanden til ordførarkontoret er ikkje mange skritt unna. Det er litt av eit samarbeidsklima du legg opp til, herr ordførar.

Arild Flesjå

Lenke:
Konsert og ferjer
(Lesarbrev)

Lenke:
Vakker musikk og travle musikantar
(Kyrkjekonsert Hesby kyrkje laurdag 9. aug.)