Gratulera Helgøysund!

LEIAR

Idylliske Helgøysund Marina i Sjernarøy er av båtfolket
kåra til den beste gjestehamna i landet for 2008.
Dette i sterk konkurranse med hundrevis av andre
gjestehamner langs heile norskekysten.Grunngjevinga
for denne prestisjefulle kåringa er mellom anna topp
service, flotte fasilitetar og ikkje minst eit hyggeleg
vertskap i ei frå naturen av svært så vakker og idyllisk
hamn.

Det er eit langsiktig og målretta arbeid i regi av
marinaeigar Daniel Nedrebø og hans familie som har
ført til denne utmerkinga. Den innovative og hardtarbeidane
forretningsmannen såg tidleg kva potensiale
som låg i å utnytta denne naturperla i utkanten av
kommunen vår, og har på denne måten også sett
Sjernarøy og øysamfunnet vårt på reiselivskartet på
ein framifrå måte.

Båtturisme og reiseliv skal vera eit sentralt satsingsområde
når det gjeld næringsutvikling i Finnøy i tida
framover. Familien Nedrebø og Helgøysund Marina
har vist at sommarparadiset vårt her har eit stort
potensiale og at hardt og målretta arbeid over tid gir
resultater.

Gratulera igjen til Helgøysund og familien Nedrebø!